Sykkylven Næringsutvikling


Sykkylven Næringsutvikling AS er eigd av Sykkylven kommune og Sykkylven Industri- og næringslag. Selskapet har som formål å bidra til lokal utvikling og næringsutvikling i Sykkylven.

Les Mer

10 Prosjekt


”10 prosjekt for SKAPARGLEDE” er Sykkylven Næringsutvikling AS si handlingsplan for vidare utvikling av skapargleda i Sykkylven

Dei 10 projekta er:

  • SKAPARGLEDE som omdøme
  • SKAPARGLEDE gjennom nyetableringar og vidareutvikling av næringslivet
  • SKAPARGLEDE og utvikling av kommunale tenester
  • SKAPARGLEDE i skulen
  • SKAPARGLEDE, kultur og næring
  • SKAPARGLEDE og naturen
  • SKAPARGLEDE og reiseliv
  • SKAPARGLEDE i sentrums- og bygdeutviklinga
  • Infrastruktur for SKAPARGLEDE
  • Open post – Vi er open for SKAPARGLEDE og nye idear frå de

"Folk ønsker å bo på trivelige steder med et variert kultur- og fritidstilbud"

Næringsfondet i Sykkylven


Kva er næringsfondet i Sykkylven?

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Sykkylven kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder. 

Prosjekt som fremjar entreprenørskap hos unge, kvinner og innvandrarar vert oppfordra til å søkje næringsfondet. 

Etableringar som er nyskapande og som gir moglegheit for mange nye arbeidsplassar vert spesielt prioritert.

 

Kven kan søkje næringsfondet?

Næringsfondet kan nyttast både til bedriftsretta tiltak (direkte støtte til bedrifter) og til generelle tilretteleggande tiltak i regi av kommunen og organisasjonar i lokalsamfunnet.

Mål og prioriteringar i næringsplana til Sykkylven kommune vil bli lagt til grunn for vurderingane av kven som får støtte.

 

Kva kan du søkje om?

Tilretteleggande tiltak: Må vere eit tidsavgrensa tiltak. I utgangspunktet ingen beløpsgrense for støtta, men storleiken på støtta må vurderast i forhold til kor mykje fondet har disponibelt. Viss det vurderast å nytte meir enn halvparten av siste års tildeling til næringsfondet på eit einskild tiltak, må dette drøftast med Møre og Romsdal fylkeskommune i forkant. Næringsfondet kan gi støtte på inntil 50 % av totalt kapitalbehov.

Bedriftsretta støtte: Berre prosjekt med totalt kapitalbehov under kr 300.000 kan få støtte frå næringsfondet basert på følgjande retningslinjer:

  • Støtte skal ikkje utgjere meir enn halvparten av dei kostnadane som er rekna inn i støttegrunnlaget (det totale kapitalbehovet som ligg til grunn for etableringa). Bedriftsretta prosjekt der kapitalbehovet er større, skal oversendast til Innovasjon Norge
  • Det kan ikkje løyvast støtte til ordinær drift
  • Bedriftsretta støtte skal ikkje vere konkurransevridande lokalt. Støtta skal ha ein utløysande effekt på tiltaket som vert støtta
  • Støtte gis primært som tilskot
  • Investeringar som vert gjort før søknad om støtte frå næringsfondet er handsama skjer på eigen risiko for søkjaren
  • For å få støtte må investeringar/prosjekt som det vert søkt støtte til gjennomførast innan 12 månader etter at tilsegn om støtte er gitt. Søkar kan søkje om utsetting.
  • Utbetaling av tilsegn gitt frå næringsfondet skjer i etterkant når kostnaden kan dokumenterast i samsvar med søknad og tilsegn
  • Næringsfondet kan ikkje nyttast til teikning av aksjar, betaling av renter/avdrag eller garantiar for bedrifter
  • Det kan ikkje gis støtte til fysiske infrastrukturtiltak i kommunen
  • Støtte frå næringsfondet må haldast saman med annan offentleg støtte, slik at samla støtte er innanfor gjeldande retningslinjer
  • Det kan ikkje gis støtte som er i strid med internasjonale avtalar der Noreg er part. Det kan derfor ikkje gis støtte til primær stålproduksjon, til transport eller til direkte eksportkostnadar, inkludert etablering og drift av distribusjonsnettverk
  • Elles vert til ein kvar tid gjeldande retningslinjer frå Møre og Romsdal fylkeskommune og frå Kommunal- og regionaldepartementet (kapittel 551, post 60 Næringsretta midlar til regional utvikling) lagt til grunn i vurdering

Døme på kva bedrifter kan søkje støtte til:

  • Nyetablering/bedriftsutvikling
  • Produktutvikling
  • Marknadsføring
  • Kompetanseheving i bedrifta

Korleis søkje næringsfondet?

Tilsegn frå næringsfondet vert gitt fire gonger i året: mars, mai, september og november.

  • søknadsfrist for utdeling i mars er 15. februar
  • søknadsfrist for utdeling i mai er 15. april
  • søknadsfrist for utdeling i september er 15. august
  • søknadsfrist for utdeling i november er 15. oktober

 

Tilretteleggande tiltak

  • Søkjar må levere skriftleg søknad med ein god prosjektomtale og realistisk budsjett.

 

Bedriftsretta tiltak – nyetablering

  • Søkjar må levere skriftleg søknad med vedlagt forretningsplan
  • Støtte gis berre til søkjarar som har gjennomført oppstartssamtale (1 time rettleiing om forretningsplan) med hoppid-kontoret hos Sykkylven Næringsutvikling AS. Søkjer tek sjølv initiativ til oppstartssamtalen og vil då få utdelt:
    • Skjema for søknad til næringsfondet
    • Agenda for møtet
    • Disposisjon til forretningsplan
    • Oversikt over kriterier som søknaden vil bli vurdert ut i frå
  • Etter at søknadsfristen har gått ut, vert alle søkjarar invitert til å halde ein kort presentasjon av prosjektet for styret i Sykkylven Næringsutvikling AS.
  • Styret i Sykkylven Næringsutvikling AS innstiller på kven som skal få støtte
    Endeleg vedtak vert gjort i Næringsutvalet i Sykkylven kommune
  • Mottakarar av støtte frå næringsfondet forpliktar seg til eit oppfølgingsmøte med hoppid-kontoret for å fortelje om korleis satsinga har gått. Dette gir også ein moglegheit for søkjaren å få gode råd til det vidare arbeidet med prosjektet.
  • Etter forvaltningslova har ein rett til å klage på vedtak ved søknad til næringsfondet. Klage rettast til styret i Sykkylven Næringsutvikling AS og vert vidare tatt opp til ny handsaming i Næringsutvalet og eventuelt formannskapet i Sykkylven kommune.
  • Utbetaling frå næringsfondet skjer ved at dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling AS tilrår utbetaling, medan rådmannen tilviser utbetaling.

Bedriftsretta tiltak – vidareutvikling av eksisterande verksemd

For støtte til vidareutvikling av eksisterande verksemd gjeld i utgangspunktet same retningslinjer som for støtte til nyetablering, men sakshandsamar kan vise skjøn i høve til kva som er naudsynt prosedyre og bakgrunnsinformasjon for ein søknad frå ei eksisterande verksem.

Jarle Strømmegjerde

Dagleg leiar/hopp-id kontakt

Mob: +47 90 83 68 62

Mail: jarle@skaparglede.no

Grethe Loland

Administrasjon

Mob: +47 96 01 24 10

Mail: grethe@skaparglede.no

Harald Espeland

Prosjektleiar

Mob: +47 45 02 43 20

Mail: harald@skaparglede.no

Kontakt


For å kontakte oss benytt skjema til venstre eller kontakt:

Jarle Strømmegjerde

e-mail: jarle@skaparglede.no

Sykkylven Næringsutvikling AS

Sykkylvsvegen 125
6230 Sykkylven

Mobil 90 83 68 62