Etablere bedrift

Er du vår neste gründer?

Opp gjennom historia har Sykkylven husa eit mangfold av gründarar med pågangsmot og gode idear. Kanskje er du vår neste gründer?

Vi er di støtte i oppstarten:

Som nyetablerar i Sykkylven kan du vere ein god kandidat for støtte og rådgiving gjennom fleire av våre program.

Gjennom Hoppid kan du få etablerarhjelp både i form av støttemidlar, rådgjeving og ulike kurstilbod, fysisk og digitalt.
Scroll ned for meir informasjon

Er du nyetablerar kan du også søke om økonomisk støtte til utviklingsfasen, gjennom kommunalt næringsfond og omstillingsprogrammet.

Ta kontakt for oppstartshjelp - vi vil gjerne høyre om idéen din.

Hoppid

Hoppid midlar er eit lavterskel tilbod til deg som har planar eller ynskje om å starte di eiga bedrift, og er ei støtte gitt i tidleg fase. Desse midla skal gi ei avklaring, eller starthjelp til å gjennomføre enkle, men avgjerande aktivitetar for vidare satsing.

Midlane kan mellom anna gå til bedriftsrådgivning, marknadsundersøkingar, forretningsutvikling, prototyping o.l. Fysiske investeringar kan ikkje Hoppid gi støtte til.

Frå hoppid.no midlane kan ein få inntil kr. 30 000,- i støtte.

Her kan du lese meir om Hoppid.

Ta kontakt om du ynskjer meir informasjon og rådgivning til: lill@skaparglede.no


Hugs også å følge med på aktivitetskalenderen "Kva skjer?" for aktuelle Hoppid-kurs. Du kan også melde deg på vårt nyheitsbrev nederst på sida.

Cowork eller anna næringslokale

Velkomen til coworken SkaparLINKEN - kontorfellesskap, møteplass og nettverksarena
Her har vi møterom, cellekontor, ope fellesareal eller kontorplass i ope landskap, til leige for korte og lengre periodar.

Næringslokale eller næringsareal i Sykkylven?
Treng du større eller mindre lokaler til di bedrift? På utkikk etter næringsareal i Sykkylven? Kanskje har du eit lokale eller areal til disposisjon? Her fins både offentlege og private eigedomar som kan vere aktuelle. Ta kontakt, kanskje kan vi hjelpe deg å finne noko.

Siste nytt

Hent inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven

Gründer

Gründerfrukost med Brennevinsgrova og FunkFit Sykkylven

December 14, 2023
1. desember var det duka for gründerfrukost med julestemning her i SkaparLINKEN. Vi fekk høyre gründerhistoriene bak Brennevinsgrova og FunkFit Sykkylven - Inspirerande og lærerikt!
Gründer

Brennevinsgrova - frå idé til suksess

October 19, 2023
Brennevinsgrova har hatt ei eventyrleg utvikling dei siste åra. Kva har offentlege støtteordningar betydd i denne prosessen?
Gründer

Hole Geoscanning AS

August 16, 2023
Helga Hole og Espen Hove fortel om oppstarten av Hole Geoscanning AS og kompetanseprogrammet SMB-utvikling.
Gründer

Nordic Farmer

June 29, 2023
Rett rundt hjørnet i vårt eige lille sentrum, skjer det spennande ting i kulissene. I mars fekk vi besøke gründerbedrifta Nordic Farmer, i eit eksklusivt besøk "behind the scenes".
Gründer

Droneakademiet

June 30, 2023
Droneakademiet er ein av leigetakarane våre her i SkaparLINKEN. Dei er Noregs første godkjente droneskule og har ei imponerande gründerreise med vekst og utvikling.