Råd og finans


Har du eit ønskje om å etablere ny verksemd,
eller har di bedrift planar om nye satsingar?


Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ynskjer å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå lokalt næringsapparat.

Vi tilbyr rådgjeving og forvaltar fleire tilskotsordningar: 
Hoppid-midlar
Kommunalt næringsfond
Omstillingsmidlar
Næringshageprogrammet

I tillegg til at vi forvaltar lokale støtteordningar, har vi også oversikt over finansieringsordningar i det offentlege verkemiddelapparatet.

Vi høyrer gjerne meir om din forretningsidé eller prosjektplan, og kan gi rettleiing for korleis du kan ta ideen eit steg vidare.

Ta kontakt for hjelp til å navigere.

Søk om støtte i dag

I tillegg til Hoppid-midlar og kommunalt næringsfond, har vi i omstillingsperioden til Sykkylven kommune (21-26) ein ekstra pott å dele ut støtte frå.

Kanskje kan di bedrift dra nytte av rettleiing og økonomisk støtte for styrka konkurransekraft?

Oppstart
Hoppid-midlar er avklaringsmidlar for å kartlegge forretningsgrunnlaget for din forretningsidé. Kommunalt næringsfond og omstillingsprogrammet kan også gi støtte til oppstarten.

Utvikling
Kommunalt næringsfond kan gi støtte til utviklingsprosjekt i bedriftene i kommunen.

Omstillingsprogrammet kan også gi støtte til prosjekt som bidreg til ei berekraftig utvikling av næringslivet - overordna eller i bedriftene. Gjennom omstillingsprogrammet kan ein få støtte til forstudie og forprosjekt.  

Som målbedrift i Næringshageprogrammet kan bedriften få subsidie til konsulenttjenester, og delta i ulike faggrupper for kompetansepåfyll og erfaringsutveksling med andre bedrifter i Rauma, Vestnes, Nesset og Fjord.

Scroll ned for å lese meir om dei ulike kommunale støtteordningane for etablerte bedrifter, eller om etablerarstøtte for du som er gründer, gjennom Hoppid.

Ta kontakt for råd og rettleiing.

Du finn oss i Pilgata 10, Sykkylven

Omstillings­programmet

Sykkylven kommune har blitt tildelt status som omstillingskommune for perioden 2021-2026.

Omstillingsprogrammet er ein tidsavgrensa ekstraordinær innsats for kommunar og regionar med mål om utvikling og vekst.

Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane.

Næringshage-programmet

I 2023 starta vi eit spennande samarbeid med Nordveggen Næringshage.

Gjennom samarbeidet kan næringslivet i Sykkylven ta del i tenestetilbodet i Nordveggen Næringshage, som omfattar både rådgjeving, nettverk og kompetanseutvikling.

Kommunalt næringsfond

Sykkylven Næringsutvikling forvaltar kommunalt næringsfond.

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Sykkylven kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Siste nytt

Siste nytt og inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven

Aktuelt

Bli med på felles promotering i ny destinasjonsweb for Sykkylven!

April 23, 2024
Vi er i desse dager i full sving med ny reiselivsweb sykkylven.com og årets sommarbrosjyre. Vi vil i den samanheng invitere deg som er ein relevant aktør til å promotere ditt tilbod i Sykkylven sine felles kanalar
Aktuelt

Årets gøyaste sommarjobb? Koordinator for pilotprosjekt!

March 25, 2024
Du vil ha ei sentral rolle i å organisere og koordinere sosiale aktivitetar for unge mellom 18-25 år som er i sommarjobb i Sykkylven.
Aktuelt

Sommarjobb i Møre Trafo

March 22, 2024
Er du ung, motivert og klar for å ta ansvar? Vi har spennande arbeidsoppgåver tilgjengelege før og etter fellesferien!
Aktuelt

Innsatsprisen 2023

March 14, 2024
Har du forslag til kven som fortjener Innsatsprisen for 2023? Send inn ditt forslag innan 20. mars
Aktuelt

Næringslivsundersøkinga 2024

February 7, 2024
For å få ein årleg temperaturmålar på kor godt vi treff i vårt næringsutviklingsarbeid, håpar vi du som bedriftseigar eller bedriftsleiar vil svare på Sykkylven kommune si årlige næringslivsundersøking.
Aktuelt

Etterspør "summer internships" i Sykkylven

November 15, 2023
Studentar i Trondheim er nysgjerrige på næringslivet i Sykkylven og vil gjerne søke internships om det er mogleg.
Aktuelt

Industriturné, for lærlingar og framtidig rekruttering

September 19, 2023
I september arrangerte opplæringskontoret for møbel, tre og mekanisk industri ein todagers industriturné for neste års lærlingar, med besøk i industribedrifter i Sykkylven og Stranda.
Aktuelt

Satsar på leiarutvikling over kommunegrensa

February 9, 2024
"...ære vere dei som vel å satse på leiarar i desse krevjande tider", seier Bjarne Olav Velle, fabrikksjef ved Pla-Mek i Sykkylven.
Aktuelt

Næringsforeningene samles for felles løft

August 22, 2023
"- Bedrifter ser ikke kommunegrenser, sier Lene Trude Solheim, leder for Næringsforeningen Ålesundregionen."