Lokale mentorar
– raus kunnskapsdeling

Nokon har bana veg, nokon har gjort liknande før – kanskje er det du?

Verdien av ein mentor som er villig til å dele av kunnskap og erfaring er vanskeleg å måle i kroner og øre. Ein mentor kan bidra med innspel særleg tilpassa din situasjon og bidra til effektiv framgang.

Vi har tru på at raus kunnskapsdeling bidreg til skaparglede og eit meir robust lokalt næringsliv. Ta kontakt med oss om du kunne tenke deg å bidra som mentor, eller om du ønskjer å komme i kontakt med ein mentor.

Bli mentor

Sit du med erfaring som kan komme andre til gode? Vil du bidra til lokal skaparglede og vidare utvikling av næringslivet i Sykkylven?

Ta kontakt og bli mentor i dag.

Søk mentor

Er du i ein utviklingprosess og har behov for nokon med relevant erfaring?
Ta kontakt, kanskje kan vi hjelpe deg.