Sykkylven Nærings­utvikling AS

Selskapet vart stifta i 1989, i eit spleiselag mellom kommune og lokalt næringslag som begge yt driftsstøtte for tenestene vi leverer for dei.

Som kommunen si næringsavdeling forvaltar vi gründerhjelpa Hoppid og kommunalt næringsfond for etablert næringsliv. Dei fylkeskommunale midlane vert tildelt kommunen, som gir oppdraget med rådgjeving og sakshandsaming til næringsselskapet. Då pandemien råka lokalt næringsliv i 2020 søkte vi og fekk støtte til utarbeiding av strategi for ekstra næringsinnsats gjennom fylke og KDD si ordning for regional omstilling i ein seksårsperiode fram til og med 2026. Det gir oss ekstra ressursar til finansiering av innovasjon for økt konkurransekraft hos lokale bedrifter.

Vi har sekretariat for Sykkylven Industri- og Næringslag og Sykkylven Handelsforening, med administrasjon og rekneskap, gjennomføring av medlemsmøtar og ulike prosjekt. Vi arrangerer nettverkstreff, kurs og seminar med fagleg påfyll for bedriftene. SkaparLINKEN er vår nye cowork og møteplass midt i Sykkylven sentrum.

Kommunen er kjent for å vere møbelhovudstaden i Norge, men lokal industri representerar langt meir enn det, spesielt når det gjeld teknologikompetanse. Med den høgaste tettleiken av industrielle robotar i heile landet, ser vi overføringsverdi til fleire bransjar.

Lokale bedrifter, politikarar, ungdommar og eldsjelar peika på potensiale i å støtte oppunder opplevingsnæringane for auka næringsutvikling og bulyst under strategiprosessen i 2020. Derfor er det eit prioritert innsatsområde i nærings- og omstillingsstrategien.

I tillegg til tenester for kommune og næringslag tar vi også på oss oppdrag frå næringslivet, mellom anna med administrasjon og prosjektleiing.

Nærings- og omstillingsstrategi for Sykkylven kommune 2021-2026

Selskapsstrategi for Sykkylven Næringsutvikling AS 2021-2026

Etiske retningslinjer for Sykkylven Næringsutvikling

Les om prosjekt Reisemålsutvikling her.

Her kan du se våre aktivitetsrapportar frå 2019 - 2020 - 2021 - 2022 - 2023


Næringsstrategi og selskapsstrategi

Kommunal næringsstrategi har fire innsatsområde for å stimulere til ein meir robust næringsstruktur, og auka konkurransekraft i lokalt næringsliv.

Tre innsatsområder er definert for næringsselskapet i dette arbeidet.

Etablerarhjelp-Hoppid

Vil du starte eigen verksemd kan du få råd og rettleiing i det å starte bedrift. Vi tilbyr ulike kurs, avklaringsmidlar, hjelp i søkeprosess og informasjon om aktuelle nettverk.

Kommunalt næringsfond

Støtteordninga skal utløyse vekstpotensiale i lokale bedrifter, og kan tildelast bedrifter, nyetablerarar eller samarbeid mellom bedrifter med mål om å sikre eller skape nye lokale arbeidsplassar.

Kjem du innom?


Vår kjernetid er frå kl. 09-15, men vi er stort sett å finne i SkaparLINKEN mellom kl. 08 -16.

Ta kontakt for å booke eit møte.

Sykkylven Næringsutvikling held til i SkaparLINKEN. Har du spørsmål, eller vil du helse på?

E-post

Åsne Folstad
Dagleg leiar, Sykkylven Næringsutvikling AS

asne@skaparglede.no

Telefon

Åsne Folstad
Dagleg leiar, Sykkylven Næringsutvikling AS

+47 92 45 58 52

Adresse

SkaparLINKEN
Pilgata 10, 6230 Sykkylven

Sykkylven

Siste nytt

Aktuelt

Bli med på felles promotering i ny destinasjonsweb for Sykkylven!

April 23, 2024
Vi er i desse dager i full sving med ny reiselivsweb sykkylven.com og årets sommarbrosjyre. Vi vil i den samanheng invitere deg som er ein relevant aktør til å promotere ditt tilbod i Sykkylven sine felles kanalar
Aktuelt

Årets gøyaste sommarjobb? Koordinator for pilotprosjekt!

March 25, 2024
Du vil ha ei sentral rolle i å organisere og koordinere sosiale aktivitetar for unge mellom 18-25 år som er i sommarjobb i Sykkylven.
Aktuelt

Sommarjobb i Møre Trafo

March 22, 2024
Er du ung, motivert og klar for å ta ansvar? Vi har spennande arbeidsoppgåver tilgjengelege før og etter fellesferien!