Råd og finans
Har du eit ønskje om å etablere ny verksemd,
eller har di bedrift planar om nye satsingar?
Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ynskjer å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå lokalt næringsapparat.
Vi tilbyr rådgjeving og forvaltar fleire tilskotsordningar:
Hoppid-midlar
Omstillingsmidlar
Næringshageprogrammet
I tillegg til at vi forvaltar lokale støtteordningar, har vi også oversikt over finansieringsordningar i det offentlege verkemiddelapparatet.
Vi høyrer gjerne meir om din forretningsidé eller prosjektplan, og kan gi rettleiing for korleis du kan ta ideen eit steg vidare.
Ta kontakt for hjelp til å navigere


Søk om støtte i dag
I tillegg til Hoppid-midlar og kommunalt næringsfond, har vi i omstillingsperioden til Sykkylven kommune (21-26) ein ekstra pott å dele ut støtte frå.
Kanskje kan di bedrift dra nytte av rettleiing og økonomisk støtte for styrka konkurransekraft?
Oppstart
Hoppid-midlar er avklaringsmidlar for å kartlegge forretningsgrunnlaget for din forretningsidé. Kommunalt næringsfond og omstillingsprogrammet kan også gi støtte til oppstarten.
Utvikling
Omstillingsprogrammet kan gi støtte til prosjekt som bidreg til ei berekraftig utvikling av næringslivet - overordna eller i bedriftene. Gjennom omstillingsprogrammet kan ein få støtte til forstudie og forprosjekt.
Som målbedrift i Næringshageprogrammet kan bedriften få subsidie til konsulenttjenester, og delta i ulike faggrupper for kompetansepåfyll og erfaringsutveksling med andre bedrifter i Rauma, Vestnes, Nesset og Fjord.
Scroll ned for å lese meir om dei ulike kommunale støtteordningane for etablerte bedrifter, eller om etablerarstøtte for du som er gründer, gjennom Hoppid.
Ta kontakt for råd og rettleiing.
Du finn oss i Pilgata 10, Sykkylven
Ta gjerne turen innom SkaparLINKEN for å sjå lokala, booke møterom eller jobbe frå fellesarealet.
Interessert i korleis vi kan hjelpe deg? Book eit møte
Ditt lokale næringsapparat:
- Cowork
- Bedriftsrådgjeving og støtteordningar
- Etableringsstøtte
- Sekretariat for Sykkylven Industri- og Næringslag
& Sykkylven Handelsforening

Sykkylven kommune har blitt tildelt status som omstillingskommune for perioden 2021-2026.
Omstillingsprogrammet er ein tidsavgrensa ekstraordinær innsats for kommunar og regionar med mål om utvikling og vekst.
Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane.
I 2023 starta vi eit spennande samarbeid med Nordveggen Næringshage.
Gjennom samarbeidet kan næringslivet i Sykkylven ta del i tenestetilbodet i Nordveggen Næringshage, som omfattar både rådgjeving, nettverk og kompetanseutvikling.
Fylkeskommunen avvikla tilskotsordninga i 2024, så når alle midlane er oppbrukt vert ordninga stengt ila. 2025.
Siste nytt
Siste nytt og inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven

Summer Internship-program 2025 i Sykkylven

Dette må du vite om sjukefråversoppfølging

Prosjektleiing - kva og kvifor?

Nytt brev frå Sykkylven Industri- og Næringslag
Invitasjon til deltaking i Sommer internship 2025 i Sykkylven
.jpg)
Kva gjer vi i næringsselskapet?

9 kjappe om rekruttering, med medierådgivar Monika Vartdal Giske

BrobygGEN - workshop med Trude Falck Bjånes
