Aktuelt

Nytt brev frå Sykkylven Industri- og Næringslag

October 4, 2024
Nytt brev med klare forventningar frå Sykkylven Industri- og Næringslag. Denne gongen handlar det om ferjetilbodet mellom Sykkylven - Magerholm.

Teksten gjengitt:

Sykkylven Industri- og Næringslag representerer 45 medlemsbedrifter i Sykkylven og Stranda Kommune. Våre medlemar har om lag 2. 000 arbeidstakarar og ei samla omsetning på over 5 milliardar kr. Bedriftene, tilsette og innbyggjarane er heilt avhengig av gode transporttilhøve, og forutsigbare rutetider på ferjene.

Ferjetilbodet Sykkylven - Magerholm

Sykkylven Magerholm er av dei mest trafikkerte sambanda i fylket, og i Norge. Å kunne pendle til Ålesund på jobb er noko som vi tek for gitt, slik er det ikkje i dag. Mange jobbar turnus og behovet er like stort om det er kvardag eller høgtid. Vi forventar at dei som jobbar julaftan, og vil heim til Sykkylven eller Stranda skal få komme seg heim. Det er ikkje mogleg slik tilbodet er i dag. Har du for eksempel nattevakt til 1 juledag på sjukehuset, mistar du også julaftan, vegen blir stengt på julaftan. Ikkje nok med det, dei stengjer den på natta også!

Det å kome seg heim etter kveldsvakt er ikkje mogleg. Er du heldig og har fri julaftan og skal på jobb 1. juledag, er vegen fortsatt stengt! Du må faktisk ofre julaftan for å kunne gå på jobb 1. juledag. Det er ikkje verdig av fylket at helsepersonell, eller andre som jobbar turnus, ikkje har open veg i høgtidene som jul og nyttår. Både ferja og mannskapet ligger klare til kai pga beredskap. Dei tvinnar tommeltotter og ventar på vaktskifte neste dag. Viser også til budsjettdiskusjonane i desse dagar, der forslaget er å kutte 8 avgangar på dette sambandet. Det er kritikkverdig igjen at dette blir diskutert, det skal ikkje vere nødvendig at dei som pendlar skal bli usikre på om ferja skal gå. Vil igjen understreke at ferje ikkje skal vere ei pendlarbarriere og øydeleggje for å kunne ha ein fungerande arbeidsregion mellom Ålesund og Indre Sunnmøre.

Forventar at tilbodet blir forbetra i høgtider, og forslaget om kutt ikkje blir vedtatt. Vi må også slutte å diskutere dette kvart år!!

Mvh.

Sykkylven Industri- og Næringslag

Per Kjetil Våtmyr

Leiar

Ikornnes, 04.10.2024