Omstillings-programmet


Sykkylven kommune har blitt tildelt status som omstillingskommune for perioden 2021-2026. Omstillingsprogrammet er ein tidsavgrensa ekstraordinær innsats for kommunar og regionar med mål om utvikling og vekst. Støttemidla er eit supplement til andre offentlege virkemiddel frå Innovasjon Norge, fylkeskommunen, Norges forskningsråd eller SIVA.

Bli med å skape fleire spennande arbeidsplassar i Sykkylven! Vi har sett oss eit overordna mål om å bidra til å skape og sikre 170 arbeidsplassar i Sykkylven innan 2026.

Det er eit ønske om å utvikle ei bredde i næringslivet i Sykkylven, for å redusere den sårbarheita som kjem av ein einsidig næringsstruktur i "møbelbygda". Samtidig er det eit ønske om å bidra til eit meir robust næringsliv, som er berekraftig inn i framtida.

Difor vil omstillingsprogrammet bidra til å vidareutvikle eksisterande bedrifter og legge til rette for nyetableringar innan fleire bransjar. Omstillingsarbeidet skal òg bidra til å styrke Sykkylven sin attraktivitet som næringslivs- og bustadkommune.

Sjå Årsrapport for 2024 - Omstillingsprogrammet

Innsatsområda i omstillings­programmet

Omstillingsprogrammet i Sykkylven sine innsatsområder er:

1. Skaparglede i heile næringslivet
2. Samarbeid og nettverk
3. Attraktivitet og rekruttering

Kva kan du søke om støtte til?

Eksempelvis kan følgande prosjekt støttast:

- Utviklingsprosjekt i bedrifter
- Nettverksbygging mellom bedrifter

Til no

Over 30 små og større

prosjekt har fått støtte hittil.

Vi organiserar og gjennomfører frukostmøter, kurs og mini-seminar, med ulike tema som lokalt næringsliv sett på agendaen.

Eit leiarutviklingsprogram er i gong, og vi tilbyr eit solid utviklingsprogram for små og mellomstore bedrifter som er motiverte for vekst og utvikling.

No jobbar vi også enda meir for å kople bedrifter med aktuelle forskningsprosjekt og forsknings- og utviklingsinstitusjonar.

Telefon

Treng du raskt svar? Ta ein telefon.

+47 98 88 22 92

Adresse

SkaparLINKEN cowork/ kommunehuset

Pilgata 10/ Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Siste nytt

Aktuelt

Sjekk ut Trainee Sunnmøre! Søknadsperiode februar-april

February 20, 2025
‍Er du klar for å utforske mulighetene i eit traineeprogram som lar deg bygge erfaring på tvers av bransjer og bedrifter? Trainee Sunnmøre gir deg eit solid springbrett til karrieren.
Aktuelt

Nyhetsbrev 2024

February 6, 2025
Her kan du lese fjorårets nyhetsbrev
Aktuelt

Nyhetsbrev 2025

March 13, 2025
Les våre nyhetsbrev her, eller meld deg på for å få dei rett i innboksen!