9 kjappe om rekruttering, med medierådgivar Monika Vartdal Giske
September 5, 2024
I dagens tøffe arbeidsmarknad er rekruttering eit "hot topic", og employer branding tar for seg nettopp dette. Her får du 9 kjappe om rekruttering!
Fredag 30. august fekk vi besøk av Monika Vartdal Giske, medierådgivar i Sunnmørsposten/ Polaris Media. Ho heldt frukostmøte om employer branding, for å "sko" lokale aktørar til å tiltrekke seg verdifull kompetanse. Det vart mykje god info og gode diskusjonar undervegs.
Vi har henta 9 punkt frå frukostmøtet - slik at du som ikkje fekk moglegheita til å delta, også kan få litt input:
- Employer branding er "arbeidsgivar merkevarebygging". Tenk over: Kva gjer ditt selskap til ein attraktiv arbeidsplass, både for eksisterande tilsette og nye? Kva vil ein aktuell kandidat vite: Kven jobbar der? Kva er bedriftas mål? Kva utviklingsmoglegheiter er der? etc.
- Dette er viktig året rundt (artiklar, filmar etc.), for å legge eit godt grunnlag for vidare rekruttering
- Nærmiljøet bør framhevast i brandingen: Kva er dei unike salgspunkta for Sykkylven? Eksempel: Natur, gode skular og fritidsaktivitetar. Bedriftene kan gå saman om å bygge nærmiljø i lag, til dømes ved å sponse ulike prosjekt og tiltak lokalt. Det ser vi fleire gode eksempel på i Sykkylven.
- Når du lysar ut ei stilling er det i snitt ca. 12% aktivt jobbsøkande, 52% mulig jobbsøkande og 35% ikkje søkande. Dei beste kandidatane sitt sannsynligvis i en jobb dei trives i. Sjå på dei som ein kunde som skal gjennom ei kundereise. Kvar møtar du desse kandidatane? Det kan vere i sosiale media, nettaviser etc. Sørg for å ha godt innhald og lenke til ein eigen kanal der de viser kven dykk er. OBS! Nettsida må vere mobilvennleg.
- Bruk gjerne eigne tilsette til å promotere stillinger (til dømes med video med utsagn frå tilsette/ bilde+ god tekst) - ta med alle punkta i utlysnings-"smørbrødlista". Ein kan for eksempel lage ein video på maks 2 min og klippe til, alt etter kvar du vil bruke den (bruk den overalt!). Hugs å legge på tekst og bruk helst profesjonelle produsentar. Tenk på kven du skal nå. Det er lett å havne i den tradisjonelle "copy-paste" tabba og endre dato på forrige annonse, men det viktig med fornying.
- Korleis du møter søkjarane er viktig. I ein intervjuprosess, ta kontakt uansett om dei er aktuell eller ikkje. Sørg også for å gje kandidatane ei god oppleving i intervju, det vert snakka om med andre.
- Alle tilsette bør ha eigarskap til arbeidet og målet - Monika oppfordrar til å ta med dei tilsette i strategiprosessen.
- Om du brukar LinkedIn - sørg for å ha ein oppdatert profil med all relevant info. Pass på at det er mobilvennlig (sjekk med egen mobil at det du vil ha først kjem øverst)
- Hugs! Det kan koste litt å rekruttere, men det er også veldig dyrt å gjere ein feilansettelse.
Monika fortel at Polarid Media gjerne kan besøke bedrifter og ta eit møte utan forpliktelsar, om korleis dei kan bidra i en employer branding prosess.
Monika var også så grei at ho delte presentasjonen, slik at flest mogleg kan få utnytte av den og kome i gang med employer branding. Sjå presentasjonen her: