Aktuelt

Dette må du vite om sjukefråversoppfølging

December 11, 2024
I november hadde vi frukostmøte med Ester og Julianne frå Muritunet her i SkaparLINKEN. Her kjem ein smakebit, slik at også du som ikkje kunne kome, skal bli litt klokere på sjukefråversoppfølging.

Frukostmøtet om sjukefråværsoppfølging i november vart ein matnyttig og interessant morgon for eit fullsett lokale. Her fekk vi eit innblikk i korleis det å vere langtidssjukemeldt kan påverke kroppen og psyken, korleis Muritunet jobbar, og mange gode tips til både førebygging og oppfølgingstiltak. Tusen takk til Ester og Julianne for denne opplevinga!

Her kjem ei lita oppsummering av frukostmøtet, for deg som ikkje fekk deltatt:

Kva aukar risikoen for sjukmeldinger?

Viktige faktorar som kan medføre sjukemelding er: Rollekonflikter, høge krav vs. låg kontroll, emosjonelle krav, fysiske krav, trakassering/ mobbing, mekaniske eksponeringar generelt, repetitive rørsler og bøying av nakke og rygg.

Korleis redusere risikoen?

For å redusere risikoen bør ein ha samsvar mellom krav og kontroll, kontroll over arbeidstid, eit positivt sosialt klima, sosial støtte frå leiar, føreseielegheit, reduksjon av rollekonfliktar, jobbengasjement, og reduksjon av eksponeringar - mekaniske, biologiske, fysiske og kjemiske.

Hugs alltid på å bygge, skape, betre -

• kultur

• kommunikasjon

• tydlegheit

• tilhøyrsle

• tryggleik

Om langtidsjukmelding og konsekvensar

Tiltak tidleg i løpet er viktig! Sannsynlegheita for at ein kjem tilbake reduserast for kvar dag ein er ute med sjukmelding.

Ei langtidssjukmelding kan medføre at arbeidstakar lagar barrierer for seg sjølv, og driv med utstøtningsmekanismer. Ein kan oppleve å snakke seg sjølv ned, og kjenne på skam eller skyld. Ein kan og få dårleg sjølvbilete, lav jobbkondisjon eller jobbfobi.

Kva er jobbkondisjon?

Når ein kjem tilbake frå sjukmelding er det vanleg med hjernetåke og økning i symptom i oppstarten. Det er heilt normalt at det i starten er tungt å komme tilbake i arbeid. Ved å normalisere dette kan ein gi auka tryggheit, tilpasse deretter og redusere andre symptom som skam/ skyld.

Kva er jobbfobi?

Symptom på jobbfobi kan til dømes vere at ein vert kvalm av tanken på arbeidsplassen eller arbeidet og at ein unngår å bevege seg utandørs i jobbtida, fordi ein ikkje vil treffe folk. Jobbfobi er det mange som har og rehabilitering av det er noko Muritunet arbeidar mykje med.

Korleis førebygge?

• Kjenn dine tilsette, det kan gjere det lettere å ta opp om ein treng tilrettelegging ei periode

• Jobb med kultur & arbeidsmiljø

• Psykologisk tryggheit er viktig

• Ha tydelege roller og ansvarsområder

• Inngå trepartsamarbeid ved behov

• Ha tydelege rutiner for sjukefråværsoppfølging og informer om dei i "fredstid"

• Gi alternative oppgåver ved behov, kanskje kan ein unngå sjukmelding

• Tidleg innsats er viktig!

Tips!

Arbeidsgivar - hugs å dokumentere all tilrettelegging!

Dette kan vere av stor betydning om du treng å kople på NAV tidleg, eller i verste fall må seie opp nokon. "Det som ikkje er skiftleg har ikkje skjedd", stadfestar dei.

Det er mogleg å søke NAV om støtte til ekspertbistand for å kartlegge i vanskelege, fastlåste saker med langvarig eller tilbakevendande sjukefråvær. Arbeidstaker treng ikkje vere sjukmeldt på det tidspunktet det søkjast om støtte. Ekspertbistand kjem då inn i form av tverrfalgeg bistand gjennom aktørar som Muritunet, Avonova eller Brisk. Ein slik prosess tar ikkje meir enn maks 12 veker, og er ofte gjennomført etter ca. 2 mnd.

Tips!

Når du som arbeidsgivar ber ein tilsett om å komme tilbake, bli så lenge ein vil og gjer det ein tåler, er det ikkje god arbeidstilrettelegging. Du bør vere tydeleg på oppgåvene og gjerne sende dei heim når klokka er der (om dei feks har redusert arbeidstid). Det er då lettere for den tilsette å sjå at dei har nytte og kjenne at ein klara å gjennomføre konkrete oppgåver. Ein vil ikkje få inntrykk av at det går for det samme kva ein klara gjer, og at dei andre klara seg fint og ikkje bryr seg om kor lenge du blir.

På same måte er "kom gjerne innom til lunsj ein dag" heller ikkje er god formulering for ein som er sjukmeldt og kanskje kvir seg litt for å komme innom arbeidsplassen, fortel Ester.

"Kan du komme til lunsj kl. 12 på torsdag"

er ei mykje betre formulering, og lettare å følgje opp.

Tips!

• Bygg kultur og godt arbeidsmiljø: Om ein er trygg i arbeidsmiljøet, trygg på å dele idear og å seie ifrå ved behov, kan ein kanskje også tåle å stå lengre i arbeid i vanskelege tider.

• Det er mykje fokus på rammer som gjer det vanskeleg, hugs også å fokusere på det som er positivt og fungera!

• Det er lurt å ha gode rutiner for sjukefråværsoppfølginga, og gjere desse kjent for alle ansatte. Informer om dei i fredstid, så kjem ikkje det som er sjokk når ein står i ein vanskeleg situasjon og vert oppringt av sjefen. Nokon kan oppleve det som at sjefen ringer for å sjekke at du faktisk er sjuk, og føle seg mistenkeleggjort.

• Det kan vere ei fin rutine å ringe ved sjukefråvær og å seie ifrå til leder før du går til lege for å be om sjukemelding.

• Det er mange som har muskel- og skjelettsmerter. Stress på arbeid gir gjerne ei forverring og kan medføre sjukmelding.