Gründer

Droneakademiet

June 30, 2023
Droneakademiet er ein av leigetakarane våre her i SkaparLINKEN. Dei er Noregs første godkjente droneskule og har ei imponerande gründerreise med vekst og utvikling.

Året er 2014.

Sykkylvingen Alexander Sandnes er utdanna flypilot i bemanna luftfart og er vant til å ha eit særleg godt overblikk over omgivnadane. Det tok ikkje lange tida frå droneteknologi vart introdusert til han såg at dette kom til å bli en viktig bransje, med mange bruksområde og store moglegheiter.

Proaktiv gründerreise

Der var liten tvil: Dronebruken kom til å auke. Som flypilot skjønte han at behovet for opplæring kom til vise seg.

Alexander fekk med seg ein anna flypilot og tidlegare kollega, Mathias Gaüer. For å komme tidleg inn i marknaden hadde dei ingen tid å miste. Saman gjekk dei til verks og utvikla både kursmateriell og Droneakademiets eiga fagbok. På denne måten var dei klar når droneteknologien var meir utvikla og marknaden vart moden.

 

Droneakademiet hjelp bedrifter og privatpersonar med å:

  • kartleggebehov for kursing ut frå aktuelle krav i regelverket
  • utdanne droneoperatørar og dronepilotar
  • utarbeide manualar med prosedyrar
  • vere fast kontaktpunkt for påfyll av oppdatert kompetanse

I dag held Droneakademiet kurs på nett, ved kontora i Sykkylven og Drammen og bedriftsinterne kurs over heile landet.

 

Foto: Droneakademiet

Utvikling og vekst

Droneakademiet heldt sitt fyrste dronekurs i 2015, då det enda vart knapt med kommersielle dronar.

I 2019 byrja fleire sjå fordelane med droneteknologien, dronar vart allemannseige og drifta skaut fart. Under koronapandemien vart det naturlegvis redusert etterspørsel. Som hell i uhell, vart det samtidig vedtatt eit nytt felles europeisk regelverk for dronebruk. Mykje av tida kunne dermed nyttast til å omstille seg til dette. Dei siste åra har både oppdragsmengde og stab auka.

I 2022 meldte Droneakademiet seg inn i Fleksibel utdanning Norge (FuN). Kvalitet er fokusområde og ei deltaking i ein slik organisasjon gir ei form for «kvalitetsstempel» i merkevarebygginga, samtidig som det gir ein tryggheit til kundane.

Droneakademiet har fleire store kundar, som Avinor, Statens vegvesen, kartverket og KTV Working Drone, som driv med fasadevask. Korleis har de klart å få så store kundar?

- Over tid har vi klart å overbevise våre kunder om gevinsten som droner gir, og det har vist resultat.

Regelverket er også i konstant utvikling, fortsett Alexander. Ein må halde seg oppdatert på kunnskap og vere rask til omstilling. Det har gjort at vi er et fast kontaktpunkt for påfyll av kompetanse for våre bedriftskundar.

SMB utvikling

Alexander kan fortelje at Droneakademiet var deltakar i eit utviklingsprogram gjennom omstillingsprogrammet i Sykkylven, høsten 2021 og utover vinteren 2022. I SMB utvikling fekk dei fagleg påfyll og inspirasjon under fellessamlingar. Samtidig fekk dei utvida nettverket og delt erfaringar med andre bedrifter, sei han.

- Vi fikk hjelp til å utarbeide en utviklingsplan og konkretisert en handlingsplan over tiltak for videre vekst.

Eit av tiltaka var å utarbeide en strategi for merkevarebygging. Dette vart iverksett ganske raskt etter programmet var avslutta. Her leigde vi inn eit byrå til å utarbeide strategi og lage en ny visuell identitet som stod i stil med våre nye ambisjonar.

Moglegheiter med droneteknologi

I starten vart dronar gjerne nytta til foto og media, får vi høyre. Dei siste åra har det blitt eit meir utbreidd arbeidsverktøy.

Dronar kan til dømes brukast til:

  • kartlegging av terreng i anleggsbransjen m.m.
  • fasadevask og inspeksjon av bygningar
  • før pløying i landbruket, for å sjå at der ikkje er rådyrkalvar eller anna i graset
  • toppkontrollar i straummaster, eller vindmøller
  • for å betre situasjonsforståing etter ei naturkatastrofe
  • foto eller video til film- og TV-produksjon etc.
  • inspeksjon etter ras/ ved skredfare
  • filme ein skog ovanfrå og bruke eit program for å fjerne tre, slik at ein ser kva som ligg på bakken. Ein kan kartlegge forhistoriske gravfelt og dokumentere for framtida

Med eit innblikk i ulike bransjar og med inspirasjon frå kvarandre, ser ein moglegheiter for nye bruksområde. Dette er også noko av det kjekkaste dei opplev når dei held kurs, i følge Mathias Gaüer.

Stort engasjement, store oppdragsmengder og stadig nye bruksområde gjer at det ser lyst ut for framtida til Droneakademiet.

Vi gler oss til å følge dei vidare!