Gründer

Nordic Farmer

June 29, 2023
Rett rundt hjørnet i vårt eige lille sentrum, skjer det spennande ting i kulissene. I mars fekk vi besøke gründerbedrifta Nordic Farmer, i eit eksklusivt besøk "behind the scenes".

Økologiske ingrediensar og lokal produksjon

I det vi nærmar oss døra får vi eit hint om kva som ventar: Ei behageleg duftdreg oss over terskelen, og inn i lokala til Nordic Farmer.

Aromaen i rommet byr oss på reise, langt inn i norske skogar og til sydlegare strøk. Nordic Farmer lagar lokalproduserte såper og kremar, med økologiske ingrediensar og friskt fjellvatn frå Sunnmøre.

Her møtar vi lege og gründer Peter Mark Jourdan, i full gang med å utvikle velduftande hudpleieprodukt og eit konsept med ein vri. Teamet bak Nordic Farmer består av to legar og ein hudlege. Med medisinsk bakgrunn brenn dei for at huda di skal få best mogleg pleie med trygge og velduftande ingrediensar. Nordic Farmer fusjonerar Sunnmøre med den karismatiske landsbygda i Italia, og utviklar produkt med det beste frå begge plassar.

Små glas med ulike prøvar av samansetninger av oljar osv.

Gründerstøtte

Nordic Farmer er ei av fleire gründerbedrifter som har mottatt støtte frå Hoppid og omstillingsprogrammet.

Har hatt god hjelp av støtteordningar, til oppstart og utvikling av emballasje

Planen er at ein får kjøpe produkta via nettbutikk i fyrste omgang. Der vil du som kunde møte openheit rundt ingrediensane. Du kan sjølv kombinere aroma, såpestoff og planteoljar frå m.a. Italia, til eigne skreddarsydde hudpleieprodukt, med eller utan duft, fortel Peter.

Under besøket kunne han fortelje at dei mellom anna var i gang med bildetaking til den komande nettbutikken.

Nordic Farmer er ei av fleire gründerbedrifter som har motteke støtte frå Hoppid og Omstillingsprogrammet. Støtta vart brukt til oppstart og utvikling av emballasje, informerte Peter. Han kunne fortelle at dette i stor grad hadde bidrege til at dei var komne så godt i gang.

Peter sendte med oss testar til utprøving i SkaparLINKEN og vi har sidan gleda oss over mjuke hender og hyppige mentale reiser til Italia.

Lykke til med prosessen vidare, vi gler oss til lansering!