Kva kan du søke om støtte til?
Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven,
kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsprogrammet.
Kva kan du få støtte til?
Omstillingsmidla kan hovudsakeleg brukast til forstudie og forprosjekt.
Eksempelvis kan følgande prosjekt støttast:
- Utviklingsprosjekt i eksisterande bedrifter
- Utarbeide forretningsplan
- Marknadskartlegging
- Nettverksbygging mellom bedrifter
Kravet er at tiltaket de ønsker å utvikle fell inn under omstillingsprogrammet i Sykkylven sine innsatsområder:
1. Skaparglede i heile næringslivet
2. Samarbeid og nettverk
3. Attraktivitet og rekruttering
Kriteria for støtte frå Sykkylven kommune sitt omstillingsprogram:
Ifølge retningslinjene kan det ikkje gis støtte til drift av næringsverksemd eller organisasjonar, direkte eller indirekte støtte til investeringar i verksemdene sin eigenkapital, støtte til investeringar eller støtte til å utføre statlege, fylkeskommunale eller kommunale lovpålagte oppgåver.
- Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle si verksemd/ næring kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane, så lenge tiltaket det søkast om er innanfor omstillingsprogrammets fire satsingsområde.
- Tiltaket/prosjektet må være i høve til definerte strategiar og tiltak innanfor satsingsområda i omstillingsprogrammets handlingsplan.
- Søker må omtale korleis prosjektet/tiltaket støttar opp under omstillingsprogrammets hovudmål om å bidra til å skape 170 nye/sikra arbeidsplassar i Sykkylven i løpet av 6 år.
- Søknaden må innehalde forretningsplan/prosjektplan og budsjett for bedrifta(ne) og det omsøkte tiltaket.
- For bedriftsretta støtte må bedrifta være registrert i Brønnøysundregisteret med forretnings-/ verksemdsadresse i Sykkylven og ha mål om aktivitet i Sykkylven kommune. Det må kunne dokumenterast at omsøkt tiltak er knytt til mål om arbeidsplassar lokalisert i Sykkylven.
- Det kan gis tilskot til primært forstudiar og forprosjekt med mål om utvikling av forretningsidé, forretningsplan, produkt, produksjonsprosess, marknad, kompetanse og samarbeidstiltak. Tilskot til gjennomføring av hovudprosjekt kan vurderast, men skal primært rettes til andre finansieringsordningar.
- Minst to bedrifter må samarbeide i prosjektet (minst ei bedrift må ha adresse Sykkylven)
- Prosjektet bør beskrive eit målbart mål om korleis bidra til ei grøn omstilling
- Prosjektet bør ha ein ambisjon om å bidra til å sikre eller skape minst 5 arbeidsplassar i Sykkylven ila dei 3-5 neste åra
- Prosjektet bør vere kopla til ein forskings- eller utdanningsinstitusjon
- Prosjekteigar forpliktar seg til kunnskapsdeling på minst ein delingsarena i regi av omstillingsprogrammet
- Det gis ikkje rein arrangementsstøtte. Det gis ikkje støtte til investeringar, ordinære driftskostnader, driftsoppgåver eller lovpålagte oppgåver.
- For bedriftsretta støtte krevst det eigenfinansiering på 50 % av prosjektets/tiltakets totale kostnadsramme. Eigenfinansieringa kan være i form av eigne midlar eller eigeninnsats, eventuelt en kombinasjon av disse to, minimum 25% i eigne midlar. Eigeninnsatsen beregnas som 1,2 promille av nominell årslønn, maksimalt kr 700,- per time, dersom ikkje anna er avtalt.
- Prosjektet må omsøkast før det settast i gong, det gis ikkje støtte til gjennomførte prosjekt.
- Midla tildelast i henhald til EØS-avtalens regler om offentleg støtte og gis som bagatellstøtte.
Prioritering av kompetansehevingsmidlar
Vi vil støtte kompetansehevingstiltak som fokusera på følgande;
- Berekraft/ grøn utvikling
- Innovasjonsleiing
- Prosjektleiing
- Digitaliseringskompetanse og spesielt KI-kompetanse
- Leiarutvikling
- Strategi- og styrekompetanse
- Minst to organisasjonar/ bedrifter må delta på kompetansehevingstiltaket
Korleis søke omstillingsmidlar?
Ta kontakt, så kan vi ta ein prat om søknad!
Søkar bør i god tid kontakte Omstillingsprogrammet før søknad sendast inn, med tidleg dialog får vi i næringsapparatet også moglegheit til å gi innspel til din søknad.
Prosjekt må omsøkast før det settast i gong, det gis ikkje støtte til gjennomførte prosjekt.
Prosjekt som kan finansierast via andre aktørar i virkemiddelapparatet kan vi bidra til å starte dialog med, dette kan for eksempel vere Innovasjon Norge eller Møre og Romsdal fylkeskommune.
Behandlingstid: Behandlingstid er avhengig av omfanget på søknad og prosjekt. Søknad må leverast minimum 3 veker før neste styremøte for å behandlast der. Nokon prosjekt vil ha kortare behandlingstid og nokon lengre.
- Lise Haukeberg, prosjektleiar for omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune
Datoar for styremøter for Omstillingsprogrammet i 2025:
- 5. februar
- 20. mars
- 24. april
- 12. juni
- 28. august
- 25. september
- 23. oktober