Innsatsområda i omstillingsprogrammet

Overordna mål og resultat
Hovudmålet for omstillingsprogrammet er å bidra til å skape ein meir robust og variert næringsstruktur, gjennom å vidareutvikle eksisterande bedrifter og legge til rette for nyetableringar innan fleire bransjar.
Omstillingsarbeidet skal og bidra til å styrke Sykkylven sin attraktivitet som nærings- og bustadskommune. Det er sett måltal på til saman 170 nye og sikra arbeidsplassar i omstillingsperioden 2021-26.
Omstillingsplan Sykkylven 2021 - 2026

Frå 2025 er dei fire innsatsområda frå Omstillingsplanen samla i 3 punkt:
1. Skaparglede i heile næringslivet
2. Samarbeid og nettverk
3. Attraktivitet og rekruttering
Styre og organisering

Medlemmar i omstillingsstyret ved utgangen av 2024:
- Styreleiar - Sykkylven kommune, ordførar Olav Harald Ulstein
- Politisk representant, Torill Velle
- Politisk representant, Clara Aarseth-Strømmegjerde
- Sykkylven Industri- og Næringslag, styremedlem Leif Jarle Aure
- Sykkylven Handelsforening, leiar Kåre Atle Vangen
- Ekornes, bærekraftsansvarleg Solveig Gaundal
- Driv design, Åse Fet
- Sykkylven Næringsutvikling, styrerepresentant Per Kjetil Våtmyr
Observatører i omstillingsstyret med møte- og talerett:
- Innovasjon Norge, spesialrådgjevar Alfred Øverland
- Møre og Romsdal fylkeskommune, rådgjevar kompetanse og næringsavdelinga, May-Britt Roald
- Sykkylven kommune, kommunedirektør Torbjørn Ove Emblem
- Sykkylven Næringsutvikling, dagleg leiar Åsne Folstad
- Programleiar omstillingsprogrammet, Lise Haukeberg