Råd og finans


Har du eit ønske om å etablere ny verksemd,
eller har di bedrift planar om nye satsingar?


Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ynskjer å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå lokalt næringsapparat.

Vi tilbyr rådgjeving og forvaltar fleire tilskotsordningar: 

hoppid-midlar
Omstillingsmidlar
Næringshageprogrammet

I tillegg til at vi forvaltar lokale støtteordningar, har vi også oversikt over finansieringsordningar i det offentlege verkemiddelapparatet.

Vi høyrer gjerne meir om din forretningsidé eller prosjektplan, og kan gi rettleiing for korleis du kan ta ideen eit steg vidare.

Ta kontakt for hjelp til å navigere

Søk om støtte i dag

I tillegg til Hoppid-midlar og kommunalt næringsfond, har vi i omstillingsperioden til Sykkylven kommune (21-26) ein ekstra pott å dele ut støtte frå.

Kanskje kan di bedrift dra nytte av rettleiing og økonomisk støtte for styrka konkurransekraft?

Oppstart
Hoppid-midlar er avklaringsmidlar for å kartlegge forretningsgrunnlaget for din forretningsidé. Kommunalt næringsfond og omstillingsprogrammet kan også gi støtte til oppstarten.

Utvikling
Omstillingsprogrammet kan gi støtte til prosjekt som bidreg til ei berekraftig utvikling av næringslivet - overordna eller i bedriftene. Gjennom omstillingsprogrammet kan ein få støtte til forstudie og forprosjekt.  

Som målbedrift i Næringshageprogrammet kan bedriften få subsidie til konsulenttjenester, og delta i ulike faggrupper for kompetansepåfyll og erfaringsutveksling med andre bedrifter i Rauma, Vestnes, Nesset og Fjord.

Scroll ned for å lese meir om dei ulike kommunale støtteordningane for etablerte bedrifter, eller om etablerarstøtte for du som er gründer, gjennom Hoppid.

Ta kontakt for råd og rettleiing.

Du finn oss i Pilgata 10, Sykkylven

Ta gjerne turen innom SkaparLINKEN for å sjå lokala, booke møterom eller jobbe frå fellesarealet.

Interessert i korleis vi kan hjelpe deg? Book eit møte

Ditt lokale næringsapparat:
- Cowork
- Bedriftsrådgjeving og støtteordningar
- Etableringsstøtte
- Sekretariat for Sykkylven Industri- og Næringslag
& Sykkylven Handelsforening

Omstillings­programmet

Sykkylven kommune har blitt tildelt status som omstillingskommune for perioden 2021-2026.

Omstillingsprogrammet er ein tidsavgrensa ekstraordinær innsats for kommunar og regionar med mål om utvikling og vekst.

Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane.

Næringshage-programmet

I 2023 starta vi eit spennande samarbeid med Nordveggen Næringshage.

Gjennom samarbeidet kan næringslivet i Sykkylven ta del i tenestetilbodet i Nordveggen Næringshage, som omfattar både rådgjeving, nettverk og kompetanseutvikling.

Kommunalt næringsfond

Fylkeskommunen avvikla tilskotsordninga i 2024, så når alle midlane er oppbrukt vert ordninga stengt ila. 2025.

Siste nytt

Siste nytt og inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven

Aktuelt

Sykkylven til topps i kåring!

March 19, 2026
Sykkylven har lange tradisjonar for samarbeid, og det gir resultat.
Aktuelt

Digitale Nomadar i Geiranger - har du fått det med deg? 

March 2, 2026
Om du har høyrt om digitale nomadar, så er dette noko vi no vil utforske meir i Sykkylven. Kommunen er med i EU-prosjektet EDIN (European Digital Nomads), der vi jobbar saman med andre stader for å sjå korleis ein kan tiltrekke seg folk som kan jobbe digitalt – og som ønskjer å bu og leve ein plass ei periode.
Aktuelt

Aktivitetsrapporten for 2025

February 18, 2026
Aktivitetsrapporten for fjoråret til Sykkylven Næringsutvikling er klar etter eit innholdsrikt år. Les gjennom for å sjå kva vi gjer på i SNU!
Aktuelt

KI-verkstadane i november

November 28, 2025
25 deltakarar utforska kunstig intelligens på teklaben
Aktuelt

Sirkulær HUB - høg interesse for meir samarbeid om sirkulære løysingar!

November 28, 2025
Onsdag 27. november samla Omstillingsprogrammet, saman med regionale partnarar, rundt 30 deltakarar til Sirkulær HUB-seminar på Næringsfabrikken. Målet var å motivere, inspirere og gi fagleg påfyll om korleis sirkulærøkonomi kan skape nye forretningsmoglegheiter i vår region.
Aktuelt

Garden som ressurs 2.0

November 18, 2025
hoppid-kontor kan no søke støtte til nettverksarbeid for utvikling av tilleggsnæringar i si kommune
Aktuelt

Per Kjetil Våtmyr vant Næringslivsprisen

September 29, 2025
Prisvinnaren fekk via Teams overrekt diplom og gåvekort av ordførar Olav Harald Ulstein under kommunestyremøte 29. september
Aktuelt

NTNU-studentar kartlegg plastavfall i Sykkylven: Ny kunnskap som kan styrke næringsliv og busetting

September 9, 2025
Denne sommaren har to engasjerte studentar frå NTNU vore i Sykkylven for å kartleggje plastavfall og materialstraumar. Resultata er no klare i ein sluttrapport, som vil bli delt med både kommunen og lokale næringsaktørar.
Aktuelt

Kven fortener Næringslivsprisen i år?

August 5, 2025
Næringslivsprisen 2025 vert utdelt under kommunestyremøte i haust, og skal påskjønne den eller dei som har gjort ein ekstra innsats for lokalt næringsliv det siste året.