Bu her
Kanskje er du kjent i Sykkylven, da veit du at Sykkylven er innfallsporten til Sunnmørsalpane. Men, kanskje veit du ikkje ein gong kvar denne bygda er?
På nordvestlandet finn du oss - og det er faktisk mange vegar som førar inn til Sykkylven. Om du vil vite meir om kommuna vår, kva Sykkylven har å by på, skular, barnehagar, kulturtilbod, med meir - kik innom Sykkylven Kommune sine sider.
Fritid i Sykkylven
Vi har mykje kjekt på programmet her i bygda og mange perler å besøke.
Sjekk ut sykkylven.com og Sykkylven Kulturhus for arrangement og aktivitetar.
I vår eige reisemålsbrosjyre, Opplev Sykkylven, får du god oversikt over tilbod i kommunen. På Stikk ut finn du fine turmål i forskjellige vanskelighetsgradar.
Halde deg oppdatert på tilbod i dei lokale butikkane? Følg @sykkylvenhandelsforening på Facebook og Instagram.
Næringslivet i Sykkylven
Sykkylven og sykkylvingar er kjend for å ha sterk entreprenørånd.
Vi kallar det skaparglede.
Sykkylven har i dag ein sterk møbelindustri med røter tilbake til 1800-talet. Dette er bedrifter som har ein høg del eksport. Vi har også ein god variasjon med små og store bedrifter i bransjar, opplevingsnæringar i vekst og eit mangfaldig handelssentrum.
Næringslivet i Sykkylven er nysgjerrig og risikovillig, derfor er bedriftene her også langt framme i den teknologiske utviklinga.
Teknologibygda kan vi eigentleg kalle oss.
Ute etter jobb? Kanskje er du vår neste tilflyttar?
Sjå ledige stillingar i Sykkylven på arbeidsplassen.no / finn.no
Sjå aktivitetskalender for næringslivet.
Siste nytt
Hent inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven!