Handelssentrum
Butikkar
I Sykkylven handelssentrum har vi korte avstandar mellom butikkane og bygningar med sjarm og historie. Butikkane her byr på eit godt og variert tilbod, ofte med ei særs serviceinnstilt betening. Butikkdrifta har for mange blitt ein livsstil og fleire av bedriftene har ansatte med lang fartstid- i somme tilfelle er drifta også vidareført i familien, gjennom generasjonar.
Sykkylven Handelsforening er næringsforeninga til handelsbedriftene i Sykkylven.
Gåvekort
Kjøp gåvekort
Kjøp Sykkylven Handelsforening sitt gavekort hjå Skohjørnet.
Bruk gåvekortet
Gavekorta kan nyttast i ei av Handelsforeninga sine medlemsbedrifter:
- Asbjørn Loland AS - Gullsmed
- Aursnes Hotell og Fjordstuer
- Jernia (B.S. Aure AS)
- Inter Sport (B.S. Aure AS)
- Bellami AS - Restaurant
- COOP Extra Sykkylven
- Focus Sport
- Frk. Larsen AS - Klesbutikk
- KIWI Sykkylven
- Nøstekroken AS
- Ringo Sykkylven AS
- Silhuett Sykkylven AS
- Skin Tonic Sykkylven AS
- Skohjørnet AS
- Smått og Stort AS
- Sol Café AS
- Strømme Klær og Sko AS
- Vitusapotek Sykkylven
- Welle Blomster og Gaver AS
- Kjødes frisørsalong AS
Sentrum elles
Ved kirka i enden av gata finn du ein leikeplass med sitjebenkar. Utandørs sitjeplassar er der fleire av, i sentrum og nede i kaiområdet. Både i og utanfor sentrumskjerna har vi mykje god mat i koselege restaurantar, kafear og food trucks.
Sjarm og historie
Infoskilt Dei fleste bygningane i sentrum er som nemnt rik på historie. Held du augo opne når du går i gatene, har du gode moglegheiter til å lære litt om omgivnadane, gjennom infoskilt utvikla av Sykkylven historielag.
Lysholhagen er også verdt eit besøk. Der kan du kvile beina eller nyte gamle fotografi.
Bygningane Når du går slik og ser deg rundt vil du kanskje legge merke til at fleire av bygningane har ein rustikk retrosjarm. Stødige bygg som år etter år har husa mang ei lokalbedrift og mang ein Sykkylving med skaparglede og entreprenørånd. Slik har dei fått sin velfortjente plass i bygdas historie. Sjå opp og la arkitekturen føre deg tilbake i tid.
Kyststien er under utvikling i Sykkylven og første trasé opna under Sykkylvsdagane 2023. Med oppstart frå Aursnes finn du infoskilt langs ruta, med ei blanding av fersk og historisk informasjon.
Museum
Vart du bitt av historiebasillen?
I øvste del av sentrum finn du også to av vitimusea: Møbelmuseet og Naturmuseet. Desse er vanlegvis open onsdagar frå kl. 12-16, men har utvida opningstider i sommarsesongen.
Sykkylven Bibliotek
Ved det nye, fine biblioteket vårt finn du også ein lokalhistorie krok. Der kan ein fordjupe seg i Sykkylven si imponerande lokalehistorie og lese meir om mellom anna møbelindustrien her.