Det blir jul for pendlarane også!
November 28, 2024
Tidlegare i haust sendte Sykkylven Industri- og Næringslag brev til fylkeskommunen om at det trengs fleire ferjeavgangar i juletida, for dei jobbar skift og pendlar. No er svaret her, og det vart ei gladmelding!
Eg såg artikkelen og blei veldig overraska og glad! For min del betyr det veldig mykje og jula er jo nettopp dei dagane det betyr mest å få komme heim så fort som mulig.
- Kjerst Ulset Lade, sjukepleiar ved Ålesund sjukehus
I fjor jobba ho nattevakt, fortel Kjersti Ulset Lade. Ho måtte då ta 19.10 eller 19.30 ferga, mot 20.50 normalt. Det opplevde ho som veldig kjedeleg, sei ho, men alternativet var å jobbe sein/tidleg og ikkje få vere heime i det heile tatt.
"Det er veldig synd at ferga er bemanna men ikkje går på nesten 12 timar."
Kjersti fortel at ferjetilbodet har mykje å seie for om folk vel å jobbe på sjukehuset. Ho har hatt kollegaer som har valgt å finne seg anna jobb, blant anna på grunn av dette. Les meir om endringane i ferjetilbodet på Nyss.no
Sjå også brevet Sykkylven Industri- og Næringslag sendte til fylket om emnet.