Strategi og handlingsplan

Hausten 2020 har strategi for omstillingsarbeidet i Sykkylven vorte utarbeida. Lokale bedrifter, politikarar, eldsjeler og ungdommar har delteke i diskusjonar og gitt mange gode innspel til ein strategi med fire hovudsatsingar, og ein handlingsplan for 2021 med prioriterte tiltak for kvar satsing.

Møre og Romsdal fylkeskommune finansierer omstillingsarbeidet etter søknad frå Sykkylven kommune, og vil handsame og vedta storleik på finansieringa i starten på februar 2021.