Lise Haukeberg tilsett som prosjektleiar

Lise Gundersen Haukeberg er tilsett som prosjektleiar for omstillingsarbeidet i Sykkylven, og startar i jobben 1. mai. 

Haukeberg kjem frå Optimar, og har tidlegare erfaring frå bl.a. Nærings- og fiskeridepartementet og Høgskulen i Molde som doktorgradsstipendiat. 

Inntil prosjektleiar er på plass vil Sykkylven kommune ved omstillingsstyret med bistand frå Sykkylven Næringsutvikling ivareta oppfølgjing av vedteken strategi og handlingsplan for 2021.