Innspelsmøte 17.09. om arbeidsplassar i framtida

Bli med på orientering om igangsett omstillingsprosjekt torsdag 17. september kl. 19.00 - 20.30 på Kulturhuset!

Eller følg livesendinga her: https://sykkylven.kommunetv.no/no/broadcast/37 

Sykkylven kommune inviterer til innspelskonferanse til alle interesserte innbyggarar som har tankar og idéar om korleis vi kan jobbe for å sikre lokale arbeidsplassar i framtida. 

  • Ordførar og leiar av Sykkylven Næringsutvikling vil fortelje om bakgrunnen for søknad om støtte til omstillingsprosjektet.
  • BDO frå Årdal med innleigde prosessleiarar vil orientere om vurderingar så langt, eksempel frå andre stadar i landet og prosessen vidare.
  • Frammøtte og digitale deltakarar vert inviterte til å kome med innspel til prioriteringar for vidare arbeid.
  • Pølser, brus og kaffi til alle frammøtte.

Pga. korona-pandemien må vi vite kven som kjem, så meld deg på her for å sikre deg plass.

Arrangementet vert gjennomført etter gjeldande smittevernreglar.

Foto: ÅKP