Omstilling

Kva er omstillingsprogrammet?

Sykkylven kommune har blitt tildelt status som omstillingskommune for perioden 2021-2026. Omstillingsprogrammet er ein tidsavgrensa ekstraordinær innsats for kommunar og regionar med mål om utvikling og vekst. Kommunar med omstillingsstatus får overført ekstraordinære midlar frå fylkeskommunen over en periode på inntil seks år. Pengane skal gå til omstillings- og nyskapingsarbeid og dei kjem med gitte rammer og krav til resultat. Midla er eit supplement til andre offentlege verkemiddel frå Innovasjon Norge, fylkeskommunen, Norges forskningsråd eller SIVA.

Omstillingsprogrammet i Sykkylven sine fire innsatsområde er:

  1. Skaparglede i næringslivet
  2. Opplevingsnæringar
  3. Samarbeid og nettverk
  4. Attraktive Sykkylven.

 

Interessert i meir detaljer om kvifor eit omstillingsprogram, og korleis det er planlagt gjennomført? Les strategi og handlingsplan her.

 

Kva kan eg søke om midlar til?

Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane. Kravet er at tiltaket de ønsker å utvikle fell inn under omstillingsprogrammet i Sykkylven sine fire innsatsområde: 1. Skaparglede i næringslivet, 2. Opplevingsnæringar, 3. Samarbeid og nettverk, og 4. Attraktive Sykkylven.

Det er følgande kriteria for støtte frå Sykkylven kommunes omstillingsprogram:

  • Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle si verksemd/næring kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane, så lenge tiltaket det søkast om er innanfor omstillingsprogrammets fire satsingsområde.
  • Tiltaket/prosjektet må være i høve til definerte strategiar og tiltak innanfor satsingsområda i omstillingsprogrammets handlingsplan.
  • Søker må omtale korleis prosjektet/tiltaket støttar opp under omstillingsprogrammets hovudmål om å bidra til å skape 170 nye/sikra arbeidsplassar i Sykkylven i løpet av 6 år.
  • Søknaden må innehalde forretningsplan/prosjektplan og budsjett for bedrifta(ne) og det omsøkte tiltaket.
  • For bedriftsretta støtte må bedrifta være registrert i Brønnøysundregisteret med forretnings-/verksomhetsadresse Sykkylven og ha mål om aktivitet i Sykkylven kommune. Det må kunne dokumenterast at omsøkt tiltak er knytt til mål om arbeidsplassar lokalisert i Sykkylven.
  • Det kan gis tilskot til primært forstudiar og forprosjekt med mål om utvikling av forretningsidé, forretningsplan, produkt, produksjonsprosess, marknad, kompetanse og samarbeidstiltak. Tilskot til gjennomføring av hovudprosjekt kan vurderast, men skal primært rettes til andre finansieringsordningar.
  • Det gis ikkje rein arrangementsstøtte. Det gis ikkje støtte til investeringar, ordinære driftskostnader, driftsoppgåver eller lovpålagte oppgåver.
  • For bedriftsretta støtte krevst det eigenfinansiering på 50 % av prosjektets/tiltakets totale kostnadsramme. Eigenfinansieringa kan være i form av egne midler eller egeninnsats, eventuelt en kombinasjon av disse to, minimum 25% i egne midler. Eigeninnsatsen beregnas som 1,2 promille av nominell årslønn, maksimalt kr 800,- per time, dersom ikke annet er avtalt.
  • Midla tildelast i henhald til EØS-avtalens regler om offentleg støtte og gis som bagatellstøtte.


Om prosjektet/tiltaket er i henhald til desse kriteria, kan du søke omstillingsprogrammet om midlar.

Eksemplar på̊ prosjekt som omstillingsprogrammet kan støtte er:

– Næringsprosjekt med vekstpotensial i tidleg fase

– Forstudie og forprosjekter

– Ekstraordinære etableringskostnader

– Marknadsundersøkingar

– Prosess og produktutvikling

– Kompetanseheving

– Konsulenthjelp

 

Korleis søker eg om omstillingsmidlar?

Ta kontakt med oss!

Vi ynskjer å høyre i frå deg så tidleg som mogleg. Ta kontakt med oss så kan vi gi deg råd om korleis du kan planlegge, søke om, og gjennomføre prosjektet. Vi hjelp deg med malar for prosjektplanar og rapportering, og støttar deg vidare til innsending av søknad.  

 

Du søker ved å fylle ut mal for prosjektplan (PDF, 566 kB), og sendar den på e-post til Lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no. Sjå også mal for forretningsmodell (PDF, 48 kB) som du må fylle ut og legge ved søknaden. Ta gjerne kontakt før du sende søknad. 

Vi anbefaler sterkt at du også ser til mal for prosjektledarrapport (PDF, 36 kB) ved utfylling av søknaden, som må fyllast ut av alle som mottar støtte frå omstillingsmidlane ved prosjektets slutt. Det gir gode indikasjonar på kva som bør være mål for prosjektet/tiltaket det søkast om støtte til. 

 

Vi ser fram til å høyre i frå deg!

 

Kontakt omstillingsprogrammet i Sykkylven:

Lise Haukeberg – Programleder Omstilling

E-post: Lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no

Tlf: +47 98 88 22 92