Sykkylven Industri- og Næringslag



Heilt sidan 1948 har lokale bedriftsleiarar stått samla i Industri- og Næringslaget. I dag har foreninga 45 medlemsbedrifter.

Formålet til foreninga er å representere og ivareta interessene til næringslivet i kommunen, mellom anna ved å vere eit felles talerør mot myndigheitene.

Styret inviterer til medlemsmøter for å diskutere tidsaktuelle problemstillingar, og løftar felles sakar både til politikarar, media og myndigheiter.

Viktige fanesaker har mellom anna vore infrastruktur med gode veg- og fergeforbindelsar, endra soneplassering for lågare arbeidsgjevar-avgift og endring i permisjonsreglar. Saman har ein lykkast i å påverke til positive endringar for lokalt næringsliv.

Medlemsfordelar

Bli med i vårt nettverk og kom i kontakt med andre lokale aktørar, med erfaringsutveksling og potensiale for gode samarbeid.

Foreninga har som formål å representere og ivareta interessene til næringslivet i kommunen. Som medlem har du også tilgang til fleire andre medlemsfordelar.

Medlemsbedrifter

Industri- og Næringslaget har i dag 45 medlemsbedrifter, på tvers av bransjegrupper.

Bransjegrupper‍

Industri- og Næringslaget har medlemar innan fleire ulike bransjar:

- industri
- møbel
- bygg
- anlegg
- bilfag
- m.m.

E-post

Ta kontakt ved spørsmål.

lill@skaparglede.no

Telefon

Lill Therese Aurdal Fure

+47 960 12 410

Adresse

Sekretariat ved Sykkylven Næringsutvikling AS

SkaparLINKEN.
Pilgata 10, 6230 Sykkylven

Siste nytt

Næringsforeninga

Lokale reiselivsaktørar samlar kreftene i ny bransjegruppe!

January 10, 2025
Sykkylven Industri- og Næringslag inviterte lokale reiselivsaktørar til samarbeid. No er Sykkylven Reiselivsforum etablert som eiga bransjegruppe i næringsforeninga.
Næringsforeninga

Inngår samarbeid med Næringsforeningen Ålesundregionen

January 10, 2025
Eit nytt samarbeid mellom Sykkylven Industri- og Næringslag og Næringsforeningen Ålesundregionen skal sikre ytterlegare medlemsgoder og bidra til å utvikle ein sterk bu- og arbeidsmarknadsregion.
Aktuelt

Gode dagar for 3D STRIKK i POPUP x AURE

December 16, 2024
3D Knitting & Technology fekk god respons då dei "poppa opp" i dei popup-lokala i Sykkylven sentrum.