"Ventilmidlar" Søknadsfrist 15.04.

Sykkylven  kommune er tildelt kr 1 060 929,- (700 000,- i mars pluss vel 360 000,- i april)  i ei kommunal "ventil-ordning" som skal sette kommunen i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak.

Formålet er å raskt avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak, og som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

 

Tildelingskriterier

  • Lokale verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
  • Lokale verksemder som har hatt kostnadar eller tap som følgje av smittevernstiltak og nedstenging.
  • Fellestiltak for reiseliv som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt.
  • Verksemda må vere registrert i Brønnøysund og ha adresse i Sykkylven kommune

Kommunen har fridom til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no

 

Søknadsfrist 15. april 2021

Tildeling blir vedteke av formannskapet i Sykkylven kommune 10. mai.

 

For spørsmål kontakt:

Sykkylven Næringsutvikling, Åsne Helene Folstad

Mobil 92 45 58 52

E-post: asne@skaparglede.no

 

Tildelinga blir gjeve i form av bagatellmessig støtte. Tilsegn frå ordninga blir gjeve i samsvar med gjeldande regelverk og retningsliner for bruk av statsmidlar.

 

Krav til søknad

Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følge av smitterverntiltak og stenging, inkludert erklæring frå uavhengig tredjepart (autorisert rekneskapsførar/revisor), så som:

  • tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
  • ekstra kostnader til smitteverntiltak
  • andre kostnader 
  • dokumentasjon om grunnlag for og planar om vidare drift

 

Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i. Søkjar må syte for at samla motteke offentleg støtte ikkje overstig dei grensene som til ei kvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk (bagatellmessig støtte: 200 000 EURO).

 

Søknad

Bedrifter kan søkje på ordninga via portalen www.regionalforvaltning.no. Sykkylven kommune set i utgangspunktet krav om at søknaden skal leverast elektronisk på dette systemet, og kan gi hjelp dersom dette er ei utfordring.

 

Rapportering

Mottakar skal levere ein enkel rapport som omtaler bruken av midlane seinast 6 månader etter mottak av informasjon om støtte/tilsegnsbrev.

 

Sykkylven kommune og Kommunal-/Moderniseringsdepartementet kan be om innsyn og kontroll med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga.

 

​Les meir om kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder på heimesida til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet