Temakveldar

I første halvår har vi arrangert fleire temakveldar, med mål om å lære meir om tema det er ytra interesse for. 

Vi har hatt besøk frå det nye flotte Vikingsenteret Sagastad på Eid, frå Sunnmøre Museum som arrangerer Middelalderfestival med mange tusen besøkande annakvart år. Expa Travel har komt på besøk og fortalt kva som må til for å  tilrettelegge salbare sykkelopplevingar, og vi har hatt besøk frå Norsk Tindesenter som delt sine erfaringer frå utvikling av Romsdalseggen som eit kommersielt reiselivstilbod. 

Har du idéar om tema vi bør ta opp og lære meir om, sei i frå. Vi er veldig glade for innspel!