Vellukka lokalmatfestival

7. - 8. september vart Sykkylven Lokalmatfestival arrangert for fyrste gong på Blakstad Gard. Berit og Karl ønskja små og store velkomen til eit rikhaldig program.

Blakstad Gard er ein gamal vikinggard med historie 1000 år tilbake i tid. Her driv Berit og Karl Ekornes besøksgard med ikkje mindre enn 200 dyr, fordelt på 14 ulike dyreartar. Her kan dei små kose med både geiter og sauer, kaninar, minigris, hund og katt. 

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug åpna festivalen laurdag formiddag etterfulgt av flott sang frå Hundeidvik Blandakor. Ein velfylt lokalmatmarknad freista med ferske gardsegg, gode ostar, spekelaks, sjokolade, pølse og mykje anna godt. Her kunne du ta del i både vikingleikar, teikning, bueskyting og potetplukking. Hesteriding var og veldig populært. Vi fekk delta på interessante foredrag om fermentering og tradisjonsbakst, om dyrking av eigen mat og om sanking av ville vekstar. Stølstur og pubkveld var og på programmet.

Mange besøkande og godt ver gjorde helga til ein suksess for både besøkande og arrangør. Tusen takk til Berit og Karl for innsatsen som gleda mange!