Reisemålsutvikling i Sykkylven

Sykkylven kommune ved Sykkylven Næringsutvikling AS har tatt initiativ til å gjennomføre ein reisemålsprosess for Sykkylven. Dette er forankra i Omstillingsprogrammet for Sykkylven, kor opplevingsnæringane er ein av fire innsatsområder og kor utarbeiding av masterplan for reiselivet er eit av dei strategiske tiltaka.

Reisemålsprosessen skal resultere i ein langsiktig og heilskapleg strategi for Sykkylven som reisemål, med målsetting om auka lokal verdiskaping.

Første fase av reisemålsutviklingsprosessen ble gjennomført med Sykkylven Næringsutvikling som prosjektansvarleg på vegne av Sykkylven kommune, og med Marie Bergsli frå rådgjevingsselskapet Mimir som innleigd prosjektleiar og med brei lokal medverknad.

Prosjektet vart finansiert med kr 100 000,- i støtte frå Innovasjon Norge i perioden hausten 2020 – våren 2021.

Forstudien gir ein situasjonsanalyse over lokalt reiseliv, og avklarar forutsetnader og ressursfundament for ei eventuell vidareføring. Ei samla lokal styringsgruppe for forstudien anbefaler vidare satsing i ein fase 2, dvs. å utvikle ein masterplan for Sykkylven som reisemål.

Rapport frå forstudien kan du sjå her

 

Reisemålsutvikling fase 2 startar i august 2021 og vil gå over eit år. Innovasjon Norge har gitt kr 300 000,- i tilskot og arbeidet vert fullfinansiert med midlar frå Omstillingsprogrammet. Mimir er veld til prosjektleiing, med Sykkylven Næringsutvikling som prosjektansvarleg på vegne av prosjekteigar Sykkylven kommune ved Omstillingsprogrammet.

I fase 2 vil vi saman med næringsaktørane lage mål, strategiar og definere prioriterte tiltak basert på kartlegginga i fase 1.