Lise Haukeberg tilsett som prosjektleiar

Lise Gundersen Haukeberg er tilsett som prosjektleiar for omstillingsarbeidet i Sykkylven, og startar i jobben 1. mai. 

Med utdanning innan reiselivsleiing, entreprenørskap og innovasjon har ho ei veldig relevant bakgrunn for stillinga.

Vi er heldige som får ein person med god kjennskap til verkemiddelapparatet, akademia og næringslivet på laget, seier kommunedirektør Geir Ove Vegsund.

Inntil prosjektleiar er på plass vil Sykkylven kommune ved omstillingsstyret med bistand frå Sykkylven Næringsutvikling ivareta oppfølgjing av vedteken strategi og handlingsplan for 2021.