Oppstartsmøte Designvegen

Takk til alle som kom og bidro til ein god start på utvikling av nye opplevingsprodukt langs "Designvegen"!

 

Vi fekk høyre gode foredrag frå sykkelentusiast Per Helge Bø frå Loen Active. 

Tom Skrede frå Visit Ålesund presenterte sine tankar om potensialet for reiselivsutvikling i regione.

Torill Moltubakk frå Møre og Romsdal Fylkeskommune fortalte om interessante kulturminner langs FV60 som omhandla både arkitektur, Den Trondjemske postvei, rashistorie og møbelhistorie.

Jan Sverre Sivertsen orienterte om den fylkeskommunale satsinga "Kultur, Mat og Reiseliv" og møteplassar for reiselivsaktørane i fylket.  

Vi i prosjektleiinga la fram forslag til tematiske satsingar, og korleis vi vil jobbe vidare i prosjektet. Seminaret ble avslutta med innspel og diskusjon blant dei 50 fremmøtte deltakarane, fasilitert av Arne Hanssen.