Opplevingskonf. i M&R 23.-24.09. Frist påmelding 17.09.

Bli med på Opplevingsfestivalen 2021 i M&R – påmeldingsfrist 17. september!

 

Driv du innan reiseliv, lokalmat, aktivitetar, festivalar, kunst, hotell, transport eller andre opplevingsnæringar i Sykkylven – eller har planar om starte opp noko innan opplevingsnæringa? Bli med omstillingsprogrammet og SNU til Molde på 2-dagars opplevingsfestival, her samlast aktørar frå heile Møre og Romsdal.

 

Omstillingsprogrammet dekkar festivalpass på 800kr per deltakar, dette inkluderar festivalpass, lunsj begge dagar og middag om kvelden 23.sep. Kvar deltakar sørgar sjølv for reise og opphald. Du melder deg på sjølv, og ber omstillingsprogrammet v/Lise Haukeberg om refusjon for utlegg i etterkant av arrangement.

 

Følg lenke her for påmelding og meir info: Opplevingsfestivalen 2021 (mrfylke.no)