Ny tilskotsordning for reiselivsbedrifter

Stortinget har bevilga 850 millionar kroner til ein tilskotsordning for bedrifter innan reiseliv, event- og servicenæringane. Midlane skal brukast til å gjennomføre prosjekt for nødvendig omstilling og tilpassing av den samla kapasiteten i næringane, og bygge opp under målet om størst mogleg verdiskaping og bærekraftig utvikling. Det kan også bety omstilling til andre næringar, der ressursane kan nyttast betre.

Tilskotsordninga skal bidra til å fremje grøn omstilling og bruk av digitale løysingar for å styrke den enkelte bedrift og Norge som reisemål si konkurransekraft i eit langsiktig perspektiv. Denne type prosjekt vil bli prioritert i denne utlysninga.

Nytt i denne utlysninga er at heile serveringsnæringa kan søke. Ordninga åpner vidare for at verksemder kan søke om støtte til utviklingsprosjekt som innebærer samarbeid med andre verksemder.

Støtta skal gå til dei bedriftene som vert vurdert mest levedyktige i lys av at utfordringane for reiseliv-, event- og serveringsnæringane ikkje er over og at det derfor er behov for ei betre tilpassing av den samla kapasiteten i næringane. Prosjekt bør ha eit langsiktig omstillingsperspektiv for å auke produktiviteten på lang sikt når smittevernstiltaka vert avvikla.

Søknader blir handsama fortløpande, men siste frist for innsending er 30. september 2021.

Les vidare om kriterier og frister på innovasjonnorge.no

Webinar

Her kan du sjå opptak frå informasjonsmøtet 21. mai.