Opent møte 16.09. - Reisemålsprosessen

Har du engasjement og interesse for å bidra til ein positiv utvikling av opplevingsnæringane i i Sykkylven? 

-Då er du hjarteleg velkomen til opent møte kor du får moglegheit til å høyre om gjennomført forstudie og no starten på utarbeiding av masterplan for Sykkylven som reisemål. Vi vil veldig gjerne ha dine innspel i dette arbeidet.

Opplevingsnæringane er eit av fire satsingsområde i Omstillingsprogrammet for Sykkylven. Reisemålsprosessen skal resultere i ein langsiktig og heilskapleg strategi for Sykkylven som reisemål, med målsetting om auka lokal verdiskaping.

Tid: Torsdag 16. september kl. 19.00 – 20.30

Stad: Promenaden Mat & Vinhus

Servering: Enkel middag i etterkant av møtet

Agenda:
1. Kort om forstudiet
2. Orientering og status for reisemålsprosessen
3. Innspel til prosessen – opent for alle

Vi håper du har moglegheit og lyst å delta. Arrangementet er gratis. Påmelding til asne@skaparglede.no seinast onsdag 15. september kl.16.00.

Velkomen!

Med venleg helsing frå
Reisemålsutvikling Sykkylven

Har du nokon spørsmål eller generelle innspel til reisemålsutvikling i Sykkylven? Ta kontakt med prosjektansvarleg Åsne Helene Folstad, Sykkylven Næringsutvikling asne@skaparglede.no eller tlf. 92 45 58 52