Innsatsprisen til Restaurant Raus

Gründerane bak Restaurant Raus er gode forbilde, og har med sitt mot, handlekraft og evne til nytenking skapt fleire nye lokale arbeidsplassar.

Styret i Sykkylven Næringsutvikling vektla stor eigeninnsats av gründerane som har satsa på eit etterlengta lokalt tilbod. Restaurant Raus er ein uformell møtestad i bygda med god atmosfære, gode menyar med særpreg og god service.

Raus bidreg positivt i Sykkylvens reiselivstilbod.

(Foto: Sykkylvsbladet)