Innhaldsrik veke i mars

Den siste veka har vore innhaldsrik, med mykje interessant kunnskapsdeling frå Hoppid-samling til frukostmøte, til reiselivsforum og Designvegmøte og til Lærlingesamling med Opplæringskontoret for Møbel, tre og mekaniske fag. 

På Hoppid-samlingen til Møre & Romsdal Fylkeskommune 27. - 28. februar var Anja Solevågseide frå Pir Invest ei av mange gode foredragshaldarar. Ho fortalte om sine erfaringar, både som gründer og investor i fleire start-up bedrifter. 

Dei første dagane i mars har vi fått gode innspel frå reiselivsaktørar både på destinasjonsarbeidet i Sykkylven og på konseptutviklingen av Designvegen. Både Tore og Helge frå Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra, Arnt Tore frå Sunnmørsalpane Hytteutleige, Linda frå Handelsforeninga, Kjellbjørn frå Galleri Cylindra og Odd Jostein frå kommunen bidro positivt med innspill til utvikling av Sykkylven som reisemål. På styringsgruppemøte for Designvegen deltok Arve frå Innvik AS og Gamle Innnvik Ullvarefabrikk, Tom frå Destinasjons Ålesund og Sunnmøre, reiselivsveteran Greta, Tron frå Native Adventure og Severin frå Fjøla, og ga oss veldig nyttige tilbakemeldinger som vi vil ta med i det vidare arbeidet.

 

Heile 90 personar besøkte Kulturhuset og frukostmøte vi inviterte til 4. mars, så det var tydeleg at temaene engasjerte. Både bolig- og tomtetilbud i Sykkylven, og Ulsteins satsing på Skaparhuset og læringslivet. Tusen takk til Karoline og Martin, Njell og Kjersti for engasjerande foredrag, og til alle dei andre som møtte!

Framtidsnavigatør i Nye Ålesund kommune, Anne-Lise Sagen Major, inviterte til samling på Framtidslabben på NMK/Ålesund Campus 5. mars for å orientere om aktuelle virkemiddel i EU, nasjonalt og regionalt for innovative satsingar.

Ei spennande uke vart avslutta saman med 35 lærlingar, elevar, nyutdanna faglærte og rettleiarar på samling i Geiranger med Opplæringskontoret for Møbel, tre og mekaniske fag med tema SAMARBEID. -Så mange flinke og kjekke ungdommar som næringslivet kan dra god nytte av framover!