Hoppid forretnings- utviklingskurs 4.oktober

Har du ein god forretningside som du vil utvikle vidare, då kan dette forretningsutviklingskurset som byrjar 4. oktober vere noko for nettopp deg.
Kursprogrammet gjeng over 16 dagar og består av 9 online-samlingar. Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din. Du vil også få individuell oppfølging frå ein hoppid.no-rådgivar. Programmet er gratis.
Kven passar det for?
Programmet passar for deg som skal starte eller nyleg har starta bedrift. Det passar også for gründarar som har fått ein bråstopp i forbindelse med koronasituasjonen, og som treng å tenke nytt for å kunne drive vidare. Programmet er lagt opp slik at du kan utnytte tida på heimekontor til å utvikle forretningsideen din og til å samhandle med andre i same situasjon.
For meir informasjon besøk nettsida her