Garden som ressurs, no kan du søke midlar

"Garden som ressurs" -mobilisering lokal mat og landbruksbasert reiseliv.
No kan du søke midlar til å mobilisere og utvikle nettverk som kan bidra til lokal verdiskaping gjennom samarbeid mellom aktørar innan lokalmat, landbruksbasert reiseliv og garden som ressurs. Søknadsbeløpet er på inntil kr. 50 000,-.
Formålet med ordninga er å auke den lokale verdiskapinga i landbruket i Møre og Romsdal ved å støtte samarbeid mellom lokale aktørar/bedrifter/produsentar innan landbruk, reiseliv og kultur.
Kven kan søke:
- Lag/nettverk av lokale matprodusentar som utviklar, foredlar og sel kvalitetsprodukt basert på lokale råvarer eller lokal tradisjon.
- Lag/nettverk av lokale bedrifter som ynskjer å utvikle eller har tilbod innan mat, overnatting, servering, natur- og kulturbaserte aktivitetar og opplevingar basert på garden som ressurs.
For meir informasjon og søknadsskjema gå inn her