Behovet for sentrumsnære, byggeklare tomter og ein lokal gründerarena er tema - velkomen!
I Sykkylvsbladet har Karoline Ringdal Hjelseth og fleire unge Sykkylvingar etterspurt fleire sentrumsnære, byggeklare tomter for å kunne flytte heim og busette seg. May-Helen Molvær Grimstad og Njell Hoftun frå kommunen vil svare på utfordringane.
Kjersti Kleven er prosjektleiar for Skaparhuset i Ulsteinvik, og kan gi oss inspirasjon og tips frå deira satsing. Korleis kan vi saman legge tilrette for vekst og utvikling i Sykkylven ved å etablere ein lokal gründerarena?
Vi håper på mange gode innspel! Bli med, og ta frukosten saman med oss på Kulturhuset onsdag 4. mars kl. 08:30 - 10:00. Velkomen!
Meld deg på her, så veit vi kor mange som kjem: Påmelding
Foto: Arne Flatin/NRK