Frist 30.09. Støtte til omstilling, servering/reiseliv

Innovasjon Norge har utlyst ei tilskotsordning til omstilling i bedrifter innan reiseliv-, servering- og event-næringane. Søknadsfristen er 30. september.

Tilskotsordninga skal bidra til å fremje grøn omstilling og bruk av digitale løysingar for å styrke den enkelte bedrift og Norge som reisemål si konkurransekraft.

Ordninga gjeld også bedrifter som går saman om omstillingsprosjekt.

NB! Foretaket må kunne dokumentere meir enn 30 prosent gjennomsnittleg omsetningsfall for månadene desember 2020, og januar og februar 2021 sammenlikna med desember 2019, og januar og februar 2020.

Siste frist for å søke er torsdag 30. september.

Her finn du meir informasjon.