Etterlyser gode prosjekt

Sykkylven kommune fekk i sommar tildelt 2 millionar kroner i ekstraordinære midlar til kommunalt næringsfond og kr 150 000,- til Hoppid og nyetableringar. –Om nokon sit inne med gode idear, ta kontakt med oss!

Som ein krisepakke til næringslivet sette regjeringa av ekstraordinære midlar til kommunale næringsfond rett før ferien. Fylkeskommunen tildelte også ekstra midlar til etablerersatsinga Hoppid.

 

-Vi hadde tom kasse etter dei siste tildelingane i mars, og måtte avvise forespurnadar om støtte til utviklingsprosjekt som kom inn på våren.

Næringsfondet skal nyttast til å styrke konkurransekrafta til lokale bedrifter som satsar på vekst og utvikling. Satsinga bør representere eit vesentlig løft som bidreg til auka omsetnad og resultat og kan bidra til å sikre eksisterande eller gi nye arbeidsplassar i kommunen. Bedrifter som legg om drifta med nye forretningsområder eller vil tilpasse sine tilbod til nye marknadar som følgje av koronakrisa er spesielt velkomne til å søke.

Søknadsskjema finn du her:

https://www.regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?

 

-Vi har også fått ekstra midlar til nyetablerarar og dei som treng hjelp til å starte bedrift. 

Søknadsskjema finn du her:

https://hoppid.entreprenerdy.com/

 

Vi inviterer bedrifter og gründerar til møte med oss før søknad vert innsendt, slik at vi kan orientere nærare kva vi kan vere med og støtte.

For søknad om Hoppid-midlar ta kontakt med Lill Fure:

lill@skaparglede.no

Mobil 90 05 59 23

 

For søknad til kommunalt næringsfond ta kontakt med Åsne Folstad

asne@skaparglede.no

Mobil 92 45 58 52