Attraktive Sykkylven

Laurdag 7. august inviterte dei lokale banda Kalvedans og Skabelon til folkefest på Kaitrappa. 

Fleire hundre møtte opp til folkefest på Kaitrappa siste laurdagen i fellesferien. Dei lokale banda Kalvedans og Skabelon inviterte til gratis konsert, til stor begeistring for både store og små.

Strålande ver ga ei perfekt ramme for arrangementet, med musikk og underhaldning frå ettermiddag til langt på kveld.

Etter meir enn ett år med mange restriksjonar for å kunne møtast var det flott å kunne treffe folk å nyte god musikk i trivelig lag.

Stor takk til dei mange dyktige musikarane, lydmann, presten som både spelte og underhaldt, Sykkylven Idrottslag ved handballgruppa som sto for grilling og Sykkylven Røde Kors som sto for vakthald!

Og mange takk til Ekornes, Sparebanken Møre og Gjensidige Sykkylven som bidrog med sponsormidlar! 

Det var ei stor glede for Sykkylven Næringsutvikling å kunne få vere med å legge til rette for eit slikt flott arrangement.