4 millionar til omstilling i 2021

Utvalet for Kultur, næring og folkehelse i Møre og Romsdal Fylkeskommune vedtok 02.02. å løyve 4 millionar til fyrste år av gjennomføringsfasen for omstillingsarbeidet i Sykkylven.

I 2020 fekk Sykkylven ein halv million til strategi- og forankringsfasen, som etter eit bredt lokalt engasjement definerte 4 innsatsområde:

  1. Skaparglede i næringslivet
  2. Opplevingsnæringane
  3. Samarbeid og nettverk
  4. Attraktive Sykkylven

Sårbar næringsstruktur og nedgang i tal arbeidsplassar over tid er lagt til grunn i innstillinga frå fylkeskommunedirektøren.

Eit større mangfald i næringslivet skal dempe fallet i krisetider og gjere arbeidslivet i kommunen meir attraktivt for fleire.

Les meir her