Treng di bedrift omstilling?

Møre og Romsdal Fylkeskommune løyver til saman 42,1 millionar kroner i kommunale næringsfond til kommunane i fylket, etter ei ekstraordinær tildeling frå regjeringa. Sykkylven er tildelt 2 millionar.

- Ei svært gledeleg melding!

Er det bedrifter med omstillingsbehov har vi no moglegheit til å bidra med finansiering lokalt. Vi vil gjerne ha dialog med lokale bedrifter som planlegg nye satsinger for auka vekst og styrka konkurransekraft.

I nokon tilfelle kan det vere naturleg å kople på Innovasjon Norge, der satsingane er av stort omfang og har behov for både lån og tilskot. Da kan andre virkemiddelaktørar vere meir aktuelle.

Men, no får vi meir handlingsrom lokalt til å hjelpe lokale verksemder med bedriftsutvikling, samarbeidsprosjekt og satsingar som kan bidra til auka konkurransekraft og lønsemd.

 

Ta kontakt for møte og vidare rettleiing i søknadsprosessen!