Kva skjer i Sykkylven

Sykkylven Næringsutvikling engasjerer seg i ulike fora og prosjekt.

I midten av januar arrangerte vi frukostmøte på Kulturhuset med godt oppmøte av 50 besøkande frukostgjester. I tillegg til å presentere vår nye strategiske næringsplan for Sykkylven kommune, fortalte Kari-Anne Lade Gjørvad om Innovasjon Norge sine program og virkemiddel mens Lasse Kristiansen frå Møre og Romsdal Fylkeskommune orienterte om dei fylkeskommunale ordningane. Vi planlegger nytt frukostmøte med nytt tema i mars.

Vi har også starta opp utviklingsprosjektet "Designvegen" med seminar på Stranda Hotel i januar. 50 engasjerte aktørar frå reiseliv, lokalmatprodusentar og representantar frå kommunene frå Sykkylven til Stryn deltok i diskusjonen kring dei ulike satsingsområdane vi ser for oss for auka trafikk og verdiskaping langs FV60. No jobbar vi med organisering av arbeidet, for å få utvikla nye temabaserte opplevingsprodukt i regionen.

  • 9 Mai

    Kurs i styrekompetanse

    Les mer
    Berlihuset 14.00 - 20.00

    Styrekompetanse Sykkylven

    Læringsmål: Målet er å gje kursdeltakarane meir kunnskap om kva som er styret si rolle og korleis det kan bli ein viktig ressurs i utvikling av bedrifta.

    Ved aksjeselskap som selskapsform er det lovpålagt å ha eit styre. Korleis skal du unngå at dette bare vert ein formalitet, ein skjult reserve bak lukka dører? Kurset legg vekt på korleis styret kan bli ein viktig ressurs i utvikling av bedrifta. Styrearbeid må lærast og utviklast, og ei forbetring kan gje store resultat. Eit godt styre bidreg til ei solid botnlinje i bedrifta og kan førebygge og handtere kriser. Det skal sikre gode vegval og avgjersler og vere eit korrektiv til leiinga. 

    Rekruttere styre: Rekruttering er eit anna sentralt tema. Sidan styret er ansvarlig for bedrifta, bør det setjast saman og arbeide slik at det reelt sett tek hovudansvar for bedrifta sin strategi og framtid. Det bør tilføre ny og nyttig kompetanse.

    Desse spørsmåla vert teke opp på kurset:

    • Kva kompetanse treng bedrifta di?
    • Korleis rekrutterer du styremedlemmar?
    • Kva krav og forventningar kan du ha til medlemmane? Kva er rett styrehonorar?
    • Ulike roller og plikter. Vi ser på formalitetar i styrearbeid som innkalling, gjennomføring og etterarbeid.
    • Formalitetar (protokollar, Brønnøysund, generalforsamling, maktfordeling)

     

    Fagleg ansvar: Kjell Standal, Elinora Consulting AS

    Målgruppe: Personar som har etablert/tenkjer å etablere aksjeselskap.

    Kursavgift: kr. 700,-

    Tid: 14.00 - 20.00.

    Stad: Berlihuset.

    Påmelding 

    Påmeldingsfrist: seinast 1 veke før kursstart.

    Kontakt: Åsne Helene Folstad, Sykkylven Næringsutvikling AS.

    Mob: 92455852 E-post: asne@skaparglede.no