Cowork

Velkomen til SkaparLINKEN - eit kontorfellesskap i Sykkylven sentrum, drifta av Sykkylven Næringsutvikling.

Her kan du ha kontorplass i opent landskap eller i eiget cellekontor,  for korte eller lengre periodar. Poenget med cowork er det sosiale fellesskapet, -avkopling frå PC'en over ein kaffekopp eller felles lunsj. Vi har også fleire arrangement med ulike tema du som leigetakar eller besøkande kan delta på. Som kommunen si næringsavdeling kan vi også bistå med rådgjeving til både start-ups og for utviklingsprosjekt i etablerte verksemder.

Leigetakarane har fri tilgang til fellesareal, møterom og kaffe.

Treng du berre eit møterom, kan du bestille det med eller uten servering av kaffe og anna bevertning. Elles er det gratis drop-in arbeidsplassar i fellesarealet.

Cowork Sykkylven

Vi har fleire gode cowork-tilbod i Sykkylven, prøv også coworken Næringsfabrikken og DIS Kaffebar & Workspace.

Kontorfelleskap

SkaparLINKEN

Velkomen innom, til eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø.

Prisar på leige av kontor og møterom er ekskl. mva.
Leige av plass er inkl. internett, print og møterom.

Ta kontakt med Lill for bestilling eller meir informasjon.
Tlf. 96 01 24 20
E-post: lill@skaparglede.no

Stort møterom, 8-10 pers.
550,- halv dag / 1 100,- heil dag
Fast plass i ope landskap
2 000,- / mnd.
Flexi plass 6 dagar per månad
850,- / mnd.
Cellekontor
3 100,- / mnd.
Drop in
Dagleige 200,- / Vekeleige 800,-
Lite møterom, 4 pers.
Halv dag 350,- / Heil dag 650,-

Siste nytt

Hent inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven

Cowork

Korleis behalde unge arbeidstakarar?

December 5, 2023
Les Ålesund Næringsforening si oppsummering av lunsjseminaret i november: Morgondagens arbeidstakar
Cowork

Kaja anbefaler SkaparLINKEN cowork

November 15, 2023
Dei siste vekene har vi hatt kjekt besøk av eit par utflytta Sykkylvingar med følge, som har nytta SkaparLINKEN til arbeidsplass. Veldig kjekt å bli litt kjent og så stas med skryt også!
Cowork

Workation i SkaparLINKEN

June 19, 2023
I påskeveka var det fleire som nytta seg av «workation» i coworken SkaparLINKEN, i Sykkylven sentrum. Slik fekk familiar forlenga påskeopphaldet i bygda, medan dei som måtte jobbe fekk ro og fokus dei siste arbeidsdagane.