Griff Aviation

Griff Aviation, også kalt Dronefabrikken, er eit norsk selskap som designar og utvikler droner for det profesjonelle markedet.

Det heile starta i desember 2015 då filmselskapet Leif Johan Holand jobba i trengte ei drone med stor lastekapasitet, utan at dei kunne finne det. Holand starta då opp eit eige selskap for å utvikle og kommersialisere slike, med støtte frå Innovasjon Norge og Sykkylven Næringsutvikling. 

Det første produkt blei Griff 300, ei drone som kan løfte ei nyttelast på 225 kg. Deretter kom Griff 800, som kan løfte 800 kg.

Med lanseringa av Griff 300 var det første gongen sidan 1938 at eit norskbygd luftfartøy vart sertifisert.