Aktuelt

POP UP x AURE

July 15, 2024
Som ei forlenging av LYSA PÅ-kampanjen, får vi no POP UP x AURE, der den som har lyst å teste ut forretningsidéen sin kan få moglegheit til å låne gratis lokaler i Sykkylven sentrum i ei avgreinsa periode.

Snart klart for POP UP x AURE!

Tettstadsprosjektet og Omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune vil no, saman med ein svært samarbeidsvillig huseigar, tilby eit kostnadsfritt lokale i sentrum i avgreinsa perioder det neste året. Håper er å senke terskelen for å satse på konseptet sitt, og bidra til å skape liv i sentrum.

Prosjektleiar for tettstadsprosjektet, Anne Marie Andreassen, har òg satt saman eit rådgjevar-team, der dei aktuelle aktørane kan få tilgang til fagfolk innan felt som grafisk design, drift og konseptutvikling. Vi i Sykkylven Næringsutvikling, som er kommunen sitt verkemiddelapparat, tilbyr ein gratis rådgjevingstime til dei som vil teste ut forretningsidéen sin i lokala.

Les meir om konseptet i Nyss sin artikkel om POP UP x AURE

Følg Instagramkontoen @popupxaure • Instagram-bilder og -videoer, om du vil halde deg oppdatert på kva som skjer og når.

Interessert i å nytte deg av tilbodet?

Ta kontakt med prosjektleiar Anne Marie Andreassen