Aktuelt

Plusslab testsenter - Nytt testsenter for møbelbransjen

February 5, 2025
Den siste tida har norske møbelprodusentar måtte sende nye produkt til testing utomlands, noko som er både kostbart og tidkrevjande når ein vil treffe marknaden medan trendene framleis er ferske. No kan bransjen juble over opninga av Plusslab testsenter!

Gledeleg opning i Sykkylven

Til stede under opninga var mellom anna Gry Helen Stavseng, som er konsituert dagleg leiar for testsenteret, og Egil Sundet i Norsk Industri, som har lengta etter eit slikt tilbod sidan RISS testlab vart nedlagt sommaren 2023. Gry Helen fortalde om planane med det nye testsenteret allereie under fjorårets Bransjetreff for møbel- og designindustrien, her i Sykkylven.

I Nyss kan vi lese at dei håpar å få akkrediteringa på plass innan andre halvår 2025, og at dei i tillegg til testing for møbelbransjen har eit mål om å kjøre testar også for tekstilbransjen. Det er mange som er positiv og har bidratt til å få testsenteret i gang. På eigarsida finn ein omlag 15 store bedrifter, mellom anna Ekornes, Designindustrien Norsk Industri, Slettvoll Møbler, Flokk, LK Hjelle, Sykkylven Stål og Sykkylven kommune. At testsenteret er lokalisert på Næringsfabrikken her i Sykkylven ser ein også som heilt naturleg, då Sykkylven gjerne er rekna for å vere sjølvaste møbelhovudstaden i Noreg.

Eg er også glad for å kunne fortelje at vi allereie har fått dei første forespurnadane om testing

, sa Stavseng til Nyss

Snorklipping ved Egil Sundet, ordførar Olav Harald Ulstein og Gry Helen Stavseng under opninga av det nye testsenteret

Les meir i Nyss sin artikkel frå 28. januar:

– Like naturleg som å teste sand i Sahara - nyss.no

Saken er også omtala av nettavisa nett.no og Norsk Industri:

Opnar nytt testsenter for møbelbransjen | NETT NO

Nasjonalt testsenter for møbel og tekstil åpnes Designindustrien

Foto: Karoline Blakstad Ekornes Myklebust