Gründer

Migrantklasse på besøk i SkaparLINKEN

October 7, 2024
Måndag 30. september fikk vi besøk av ei ny språkklasse frå Voksenopplæringa
Deltakarande var veldig engasjerte, og hadde mange spørsmål under sitt besøk i SkaparLINKEN.

Hanna og Hjartrud frå Flyktningtenesten hadde måndag med 14 elevar som går i språkopplæring som del av Introprogrammet flyktningar vert tilbydd når dei kjem til Norge.

Vi fortalte, med hjelp av Svetlana som tolk, om kva funksjon vi har for dei som vil etablere bedrift her i Sykkylven, med rådgjeving og økonomisk støtte i første fase av etableringa.

Det var stort engasjement og veldig artig å høyre kva slags bakgrunn den einskilde har, og kva tankar dei har om framtida i Norge.

Om det er nokre som vil bruke sin kompetanse er Flyktningtenesta gode på å finne praksisplassar i lokale bedrifter, som generelt er veldig positive til å ta i mot migrantar. Dei som er utplassert vil då tilegne seg enda meir språkkunnskap, fagkompetanse, erfaring med norsk arbeidskultur og få eit lokalt nettverk. Dei som ønskjer å teste ut eit eige forretningskonsept kan få hjelp frå Sykkylven Næringsutvikling.

Det er inga enkel oppgåve å starte eiga verksemd; det trengs både kompetanse, kapital, nettverk og mykje stå-på-vilje. Besøket fekk nokre gode eksempel på migrantar som har etablert eiga bedrift i Norge. Her lokalt kunne vi og vise til moglegheiter for å teste ut tilbodet i vår nye Pop-up i regi av Tettstadsprosjektet, med rådgjeving og finansiering frå Hoppid-ordninga.

Andre spennande eksempel kor fleire har gått ilag om å etablere ei bedrift, som "Sisters in business" med eiga systue for redesign, vart også presentert.

Vi er veldig glade for det gode samarbeidet vi har med Flyktningtenesta og Voksenopplæringa, kor vi kan fortelje om våre tenester til dei som ønskjer å etablere seg med eigen verksemd i Norge

- Åsne Folstad, dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling