Næringsforeninga

Lokale reiselivsaktørar samlar kreftene i ny bransjegruppe!

January 10, 2025
Sykkylven Industri- og Næringslag inviterte lokale reiselivsaktørar til samarbeid. No er Sykkylven Reiselivsforum etablert som eiga bransjegruppe i næringsforeninga.

Kan gjere Sykkylven meir attraktiv

Styreleiar i Sykkylven Industri- og Næringslag er glad for å ønskje fleire medlemmar velkomne, og meinar dette kan bli positivt for alle:

Ved at reiselivsaktørane vert organisert i eit etablert næringslag kan det verte enklare å kome i gang, og få gruppa opp å gå. Det viktigste er at ein får samle seg. Vi håpar dette vil styrke reiselivssatsinga og bidra til å gjere Sykkylven meir attraktiv - både som destinasjon, og med tanke på rekruttering og bulyst.

Bransjegruppa ser mellom anna for seg å utvikle samarbeid mellom ulike aktørar som kan tilby kvar sin del av ein større pakke for tilreisande. Felles promotering av pakkeløysingar, og eit heilskapeleg bilete av tilboda vi har her i Sykkylven kan gi store fordelar for den enkelte aktør. Destinasjonssida Opplev Sykkylven (sykkylven.com), er ein av kanalane som er etablert for å gi ei samla oversikt over tilbodet lokalt. Her kan aktørar innan handel-, reiseliv og opplevingsnæringane få ei oppføring for sitt tilbod, til ein beskjeden sum. Medlemmar av Sykkylven Reiselivsforum får eit enda betre tilbod, med oppføring til medlemspris.

sykkylven.com kan også alle aktørar kostnadsfritt legge inn arrangement som er relevant for tilreisande, uavhengig av medlemsstatus.

Dei fleste av oss er delleverandørar til heilskapelege opplevingar for dei tilreisande. Vi har eit godt og variert tilbod her i Sykkylven, og saman kan vi utvikle eit attraktivt tilbod.

Johnny Schanke, Sjøbakken Fjordcamping

Masterplan for reiseliv

Det har allereie vore utarbeidd ei kartlegging av attraksjonskraft, ressursgrunnlag, utfordringar og moglegheiter her i Sykkylven. Denne prosessen resulterte i ein Masterplan for lokalt reiseliv (PDF), som Sykkylven Reiselivsforum no kan ha stor nytte av i tida framover.

Kartlegginga gjennomførte vi i næringsapparatet med god rådgiving frå Mimir, og prosessen vart finansiert av Innovasjon Norge og Omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune.

Bransjegruppa vert eige forum

Bransjegruppa vert organisert som eit eige forum inn under Sykkylven Industri- og Næringslag, med Leif Magne Tandstad frå Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra som styreleiar. Hittil har 7 lokale reiselivsaktørar meldt seg inn i gruppa, og fleire er sjølvsagt velkomne!

Ta kontakt med Lill Therese på lill@skaparglede.no (administrasjon) ved spørsmål, eller ønske om innmelding.

Nyss har også omtalt den nye satsinga:

Samlar seg for å styrke reiselivsnæringa - nyss.no