Aktuelt

Innsatsprisen 2023

March 14, 2024
Har du forslag til kven som fortjener Innsatsprisen for 2023? Send inn ditt forslag innan 20. mars

Har du forslag til kven som fortjener Innsatsprisen for 2023? Send inn ditt forslag til asne@skaparglede.no innan 20. mars.

I fjor var det gründer Harald Strømmegjerde fra Brennevinsgrova AS som mottok Innsatsprisen for året som var gått (2022). Han er eit forbilde som har vist at det med mykje lidenskap og stå-på-vilje går an å utvikle eit nytt tilbod i ein konkurranseutsatt marknad. Med garden i Straumgjerde som utgangspunkt har han skapt si eiga arbeidsplass kor han produserar gin og akevitt med lokale råvarer som smakstilsetting. Han har gjort eit grundig arbeid både med å tilegne seg fagkunnskap, differensiere sine tilbod med lokal identitet og historieforteljing, og gitt produkta eit profesjonelt uttrykk gjennom smakfull design. Han har gjennom si verksemd sett Sykkylven på kartet både nasjonalt og internasjonalt, og motteke ein rekke priser for god kvalitet på sine produkt.

Tidlegare tildelinger har vore gitt til Innovern, Restaurant Raus, Brødrene Aursnes, Kåre Atle Vangen, Petter Velle, Jarle og Dag Hjelle, Jens Petter Ekornes, Gunvor Holmberg, Svein Aure, Einar Ekornes og Jan Fredriksen, Jostein Gjerde, Lars Einar Riksheim, Terje Uri, Ståle Welle, Håkon Emdal, Øyvind Østvik, Kjellbjørn Tusvik og Peter Opsvik, og Otto Hjellegjerde tilbake i 1990.

Føremålet med Innsatsprisen er å påskjønne mottakar for god innsats for lokal næringsutvikling det siste året.

Styret i Sykkylven Næringsutvikling peiker ut prisvinnar etter følgande kriteria:
• Initiativ til å skape noko nytt som tener lokalsamfunnet
• Har utvist mot og handlekraft
• Bidreg til berekraftig utvikling

Innsatsprisen kan tildelast personer, bedrifter eller organisasjoner, og vert utdelt i kommunestyremøte i mai.